Hopp til innhold

Har bytta ut mange veteranbilar

Bilparken til brannvesenet i Sogn og Fjordane har blitt langt betre. På berre nokre år har fleire av dei eldste bilane blitt bytta ut med topp moderne utstyr.

Magne Igland

BETRING: Magne Igland som er leiar i Sogn og Fjordane Brannbefalslag seier brannvesenet rundt omkring i fylket har fått stadig betre utstyr og bilar dei siste åra.

Foto: Flora brannvern

I 2011 var heile 23 prosent av brannvesenet sine bilar å rekne som veteranbilar, ifølgje tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, DSB.

Men i dag er situasjonen betre, og det er langt færre gamle bilar enn for berre tre år sidan.

Magne Igland som er leiar for Sogn og Fjordane Brannbefalslag seier kommunane er blitt meir bevisste på brannberedskap.

– Vi har hatt ein del dårleg utstyr, men det har begynt å komme seg. Mange kommunar har fått nye brannbilar og utstyret er generelt begynt å bli bra, seier Igland som også er brannsjef i Flora og Bremanger.

– Motiverande for mannskapet

Brannvesenet i Sogn og Fjordane har lenge hatt mykje gammalt utstyr å hjelpe seg med. Det fekk også brannsjef Ståle Hatlelid i Hornindal merke, men no gler han seg over ein ny kvardag.

I 2011 fekk dei ny brannbil og nytt utstyr. Fram til då hadde den eldste bilen dei framleis måtte bruke vore ein Dodge frå 1980, same år som Ronald Reagan vart president.

– Då vi fekk nytt utstyr var det også ein motiverande faktor for brannmannskapet, seier Hatlelid.

Snittalder på 22,5 år

Han legg ikkje skjul på at den nye brannbilen og nytt utstyr har vore viktig for brannberedskapen i kommunen.

– Det er nytt, alt fungerer og du har tilgang på det mest moderne som er innanfor brann og redning. Det betyr veldig mykje, seier Hatlelid.

Ei oppteljing gjort av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap i 2011 viste at 23 prosent av brannbilane i Sogn og Fjordane var veteranbilar. Det eldste køyretøyet som framleis var i bruk då var ein brannbil på 40 år. Snittalderen var på 22,5 år.

(Artikkelen held fram under)

Store mannskap i sving under brannen i Lærdal

FOKUS: Store hendingar som den dramatiske brannen i Lærdal sist helg er med å setje fokus på behovet for oppdatert utstyr, trur Igland.

Foto: Jan Erikstad

– Store hendingar set fokus på behovet

Men sidan då har mange av dei gamle bilane blitt bytta ut, noko som gler Magne Igland som er leiar i brannbefalslaget i fjordfylket.

– Eg trur mange kommunar har blitt meir bevisste på brann og beredskap for det. Hendingar som storbrannen i Lærdal hjelper også med å få meir fokus på dette at kommunane skal ha utstyr som er godt nok, seier Igland.

Men sjølv om situasjonen altså har betra seg er trengst det framleis meir utstyr. Igland trur dårleg kommuneøkonomi er til hinder for dette.

Trur på samarbeid på tvers av kommunar

Ei mogleg løysing er å få til fleire interkommunale brannselskap som bevisst kan jobbe for å at brannvesenet i kommunane skal prioriterast. Igland viser til Sogn brann og redning IKS.

Dette er ei felles brann- og redningsteneste for kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster.

– Når ein som der har eit styre som jobbar for brannvesenet, blir det sett meir fokus på dette. Det er lettare å løfte det opp slik at politikarane får innblikk i kva som er viktig å få gjort i høve branntryggleik i kommunane, seier Igland.