Hopp til innhold

Har beslaglagt førarkortet til mann etter ulukka der seks år gamal jente blei alvorleg skadd

Politiet har beslaglagt førarkortet og sikra blodprøve frå ein mann (66) frå bergensområdet etter trafikkulukka i Eikefettunnelen på E39 i går. Ei seks år gamal jente frå Florø ligg alvorleg skadd på sjukehus etter ulukka.

Trafikkulukke i Eikefettunnelen på E39

ALVORLEG ULUKKE: Denne bilen var på veg nordover då den fekk ein møtande bil i fronten. I tillegg til føraren, ein mann i 40-åra, sat tre born på 6, 9 og ti år i bilen.

Foto: Politiet

Mannen var på veg sørover då han kom over i motgåande køyrefelt og krasja i to møtande bilar.

Begge dei nordgåande bilane skal ha tilknyting til Sunnfjord.

– Førarkortet til den eine føraren er beslaglagt. Patruljen på staden ba også om at det blei sikra utvida blodprøve av mannen, seier straffesaksansvarleg Glenn Våge ved Nordhordland lensmannsdistrikt.

Kraftig smell

Alle dei sju involverte personane vart sende til Haukeland universitetssjukehus etter ulukka . Ei seks år gamal jente fekk alvorlege skader. Seks personar vart lettare skadde.

Av desse tre born som sat i same bil på veg nordover. Uhellet, som vart meldt klokka 1740, kunne fort fått alvorlegare følgjer. Det er 80-sone på staden.

– Bilen som køyrde inn i tunnelen kom over i motsett køyrefelt, der den første bilen gjorde ei unnamanøver men får skader i sida. Bil nummer to blir treft i fronten. Det var ein kraftig smell, seier Våge.

– I alle fall to av bilane blir kondemnerte, om ikkje alle tre, legg han til.

Skjedde i ein sving

Politiet meiner å ha sikra seg ei god teknisk oversikt, men veit førebels ikkje kvifor den sørgåande bilen kom over i feil felt.

Førebels har politiet avhøyrt vitne som kom til ulukkesstaden før naudetatane.

– Ulukka skjedde rett etter inngangen av tunnelen, og ut frå spor på staden veit vi kvar det small. Per no har vi ikkje opplysningar som gir oss indikasjon på kvifor ulukka skjedde. Det er i ein sving, men vi må få snakka med dei involverte for å få klarlagt hendinga, seier Våge.

– Utanom dei involverte, var det mange vitne til ulukka?

– Det kom til nokre bilar før politi, brann og ambulanse var på staden. Dei kan sitje på informasjon om køyring og køyreåtferd før sjølve hendinga. Kva dei har fortalt politiet, kan eg ikkje gå ut med no.

Per no er saka oppretta som eit vegtrafikkuhell. Mannen som kom over i feil felt er sikta for aktlaus køyring. Blodprøve vil vise om han var påverka eller ikkje.

Slik er tilstanden til dei involverte:

  • Jente (6): Alvorleg skadd
  • Gut (9): Lettare skadd
  • Gut (10): Lettare skadd
  • Mann (40): Lettare skadd
  • Mann (72): Lettare skadd
  • Kvinne (66): Lettare skadd
  • Mann (66): Lettare skadd
Kø etter ulykke i Eikefettunnelen

HAR TATT BLODPRØVE: I alt sju personar blei køyrde til sjukehus etter ulukka på E39 i går.

Foto: Eivind Fondenes / NRK