Hopp til innhold

Håper på over 5000 på Fosshaugane

Sogndal håper på fulle tribunar og folkefest då dei tek imot Hønefoss i kveld.

Malick Mane feirar etter scoringa mot Odd

MØTER HØNEFOSS: Her jublar Malick Mane etter ei scoring i ein tidlegare kamp. Får Sogndal grunn til å juble i kveld?

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Kampen på Fosshaugane startar klokka 20:05 laurdag kveld. Den er flytta frå søndag på grunn av fotballturneringa som er i bygda.

For når 4000 fotballspelarar med trenarar og foreldra er i Sogndal, nyttar fotballaget høvet til å dra inn nokre ekstra publikummarar.

Arrangementssjef Geir-Inge Heggestad i Sogndal Fotball trur på over 5000 på tribunen i kveld. Snittet hittil i år har vore på 3200.

– I kveld blir det ekstra kjekt å spele fotball. Dette blir ein festkveld. Vi har vore gode dei siste kampane og no skal vi ta tre poeng heime med så mykje folk til stades. Er vi gode i dag, er sjansen større for at folk tek turen til neste kamp, seier Heggestad.