Hopp til innhold

Håpar spelarane ventar med fotballferien

Sogndal Fotball er einaste lag utan tap på framand gras når dei i dag entrar Strømmen stadion. – Eg berre håpar spelarane ikkje har gått i feriemodus, humrar trenar Eirik Bakke.

Sogndal-spelarane takkar Saftkokaradn.

VIL HA POENG: Sogndal-spelarane ynskjer ikkje å avslutte vårsesongen med årets første bortetap.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sogndal har teke halvparten av sine 34 poeng på bortebane sesongen. I klartekst betyr det sju kampar på rad utan tap.

– Vi har vore solide på bortebane i år, og då må vi vere så pass tøffe i hovudet og seie at det vil vi vere etter denne kampen også, seier trenar Eirik Bakke før dagens oppgjer mot Strømmen.

Sju utan tap

Sogndal har levert ein solid vårsesong. Uansett resultat i dagens kamp vil Sogndal ta ferie som serieleiar i 1. divisjon. Leiinga er på ikkje mindre enn ti poeng til Sandnes Ulf.

Laster innhold, vennligst vent..

På bortebane har fem kampar enda i siger. To kampar har enda i poengdeling.

– Vi har vore solide på bortebane, slepper motstandarane lite til og er veldig gode kollektivt. Det er nøkkelen, seier Bakke.

Samla tropp

– Det er ikkje noko hokuspokus mot denne kampen heller. Det blir ein tøff batalje og det er små marginar som avgjer. Vi veit vi har folk som scorar mål, så held vi tett bakover og grip sjansen når vi får den, så vinn vi, legg han til.

Helge Haugen og Eirik Bakke

NØGDE: Både Helge Haugen og Eirik Bakke er nøgde med måten Sogndal har stått fram, sjølv om sigeren glapp på overtid både mot Hødd og Jerv.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Etter sigersrekkja på seks kampar, har Sogndal mista sigeren på overtid i to kampar på rad.

– Eg tykkjer spelarane har stått fram i samla tropp, og er svoltne på tre poeng uansett kva kamp det er. Det blir nøkkelen også til hausten, seier trenaren.

Budd på knalltøff kamp

Dagens motstandar har to tap på rad. Med tidlegare Sogndal-spelar Espen Olsen ved trenarroret har Strømmen i år vist seg som eitt av dei betre heimelaga i divisjonen.

Bakke forsikrar at Sogndal ikkje tek lett på oppgåva.

– Hødd stod med eit par strake tap før møtet med oss. Kvar kamp lever sitt eige liv, og vi møter eit lag som spelar gjerrig fotball. Vi brukar lite tid på motstandarlaga, men er godt budde på kven dei er og kva dei står for. På ei lita kunstgrasbane i 25–26 varmegrader så blir det ein knalltøff kamp, seier Bakke.

Viktig med siger

Etter oppgjeret mot Strømmen tek Sogndal ein månad fotballpause. Trenaren fryktar ikkje at spelarane allereie har teke fotballferie.

– Nei, det får eg ikkje håpe. Eg skal i alle fall gjere alt eg kan for at dei ikkje skal gjere det. Det er ein svolten gjeng som vil slå Strømmen og ta tre poeng. Vi skal vere der når kampen startar, og så får vi telje opp etterpå om vi var gode nok.

– Kor viktig er det å vinne kampen?

– Det er alltid godt å avslutte med siger inn mot ein ferieperiode, og skal vi gå ut med ei god kjensle så hadde det gjort godt å vinne på Strømmen.

Laster innhold, vennligst vent..