Hopp til innhold

Håpar på jubelscener mot Sarpsborg i dag

Sogndal måtte gå mållause av bana under søndagens kamp, men tek med seg eit poeng heim.

vif

SIGER: Til no denne sesongen har Sogndal sikra seg tre poeng etter siger mot Vålerenga på heimebane.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

På andre banehalvdel står Sarpsborg 08, eit lag som til no står med eitt poeng etter to kampar. Sogndal har tre poeng etter ein siger og eit tap.

Laster innhold, vennligst vent..

– Planen er å vinne. Sarpsborg er eit gjerrig fotballag, som det er vanskeleg å få inn mål på, men vi må ta med oss det gode vi gjorde mot Vålerenga og Bodø Glimt og vere meir kyniske på bana, seier trenar Eirik Bakke.

Eirik Bakke

KLAR: Trenar Eirik Bakke meiner Sogndal har gode sjansar for å ta poeng mot Sarpsborg 08 søndag.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Ute med skade

– Gilbert Komsoon er skada og det same er Ruben Holsæter, men eg håpar dei er klare til å spele igjen neste veke. Vi treng å ha mange spelarar i gang no, og må samstundes tole å ha nokre skada. Det er eit maraton framover med 15 kampar fram mot 29. mai, seier trenaren.

Desse stiller i Sogndaldrakt ved avspark:

Mathias Dyngeland – Taijo Teniste, Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen, Christophe Psyché–Jukka Raitala, Rune Bolli Bolseth, Babacar Sarr, Ole Amund Sveen–Martin Ramsland, Mahatma Otoo.

På benken: Kristian Rutlin, Henrik Navarsete, Lars Christian Kjemhus, Eirik Birkelund, Simen Brekkhus, Kristian Fardal Opseth, Fredrik Flo.

Sarpsborg 08 tapte i serieopninga mot Haugesund før dei spelte 0–0 mot Viking i Stavanger.

– Eg trur vi har gode sjansar for å ta poeng i dag. Vi må vere tydelege på at vi ikkje kjem for å underhalde, sjølv om vi vil spele god fotball. Vi går for tre poeng, seier Bakke.