Styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har bestemt å kutte 50 studieplassar i Gloppen. Fylkespolitikar og kommunepolitikar for SV, Signe-Andrea Henden trur ei nedlegging blir eit stort tap for Sogn og Fjordane.
Sandane nedprioritert
Etter at regjeringa la fram budsjettet torsdag, får Høgskulen i Sogn og Fjordane meir pengar enn ved forrige budsjettframlegg. Men likevel må dei kutte. Høgskulestyret har gjort ei klar prioritering og reknar med at utdanninga på Sandane fyrst blir kutta.
Interessant studium
Det har vore stor interesse rundt masterstudie i spesialpedagogikk på Sandane. Men det er ei teneste høgskulen kjøper frå Universitetet i Oslo og er slett ikkje lønsamt.
Godt organisert
Det spesielle med Sandane er organiseringa. Her får studentane studere ei veke i månaden og kan likevel behalde arbeidet sitt og få tid til heim og familie, seier Henden. Ho peikar på at organiseringa passar for mange som elles ikkje ville få studert. Dessutan er dette kompetanseheving i distriktet som blir verande der.
Samfunnsansvar
SV-politikaren meiner høgskulen har eit samfunnsansvar for heile distriktet, og no håpar ho høgskulestyret gjer om på nedleggingsplanane.