Hopp til innhold

Håpar å ta i mot 2000 menneske i kveld

FØRDE (NRK): Når Førde får besøk av Brann i første runde av NM-cupen, ventar arrangørane storinnrykk. Håpet er at denne kampen blir snakka om i fleire år framover.

Per Øyvind Storevik i Førde fotball

KLAR FOR KAMP: Resultatet mellom Førde og Brann blir 2–1 til heimelaget, skal vi tru Per Øyvind Storevik i Førde fotball, her på Førde stadion.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Kvar vår lever håpet i lokalfotballen om å slå eitt av dei store laga ut av NM-cupen.

Klokka 18 onsdag kveld får Førde sjansen. Då er det duka for eit vestlandsderby mot sjølvaste Brann i Hafstadparken i Førde.

– Det betyr først og fremst mykje folk i Hafstadparken, forhåpentlegvis. Det betyr også ein boost for spelarane, og ein sjanse til å vise seg fram, seier Per Øyvind Storevik i Førde fotball.

Stort dugnadsapparat

Han slår fast at det er eit stort arrangement for Hafstadparken og Førde fotball.

– Vi har godt og vel 100 som er med på dugnadssida, parkeringsvakter, publikumsvakter, vakter i høve til spelarane og ikkje minst kioskpersonale og så vidare.

– Viss vi no skulle bli slått ut i første runde, sjølv om eg håpar vi ikkje gjer det, så er det veldig greitt at vi har 2000 på tribunen, og har klart å tene litt pengar på dette, seier Storevik.

– Ei stor oppleving

Finn Bjarne Brynestad frå Dale er stor Brann-supporter, og har sjølv møtt favorittlaget i fleire cupkampar som målvakt for Dale. Han skildrar det å møte eit storlag som ei stor oppleving.

– Det er spennande på mange måtar. Det var jo mykje folk samla på Dingemoen då vi møtte dei, så det var veldig kjekt.

Sjølv om Brynestad ikkje er i tvil om kven han held med, er han ikkje like sikker på resultatet mellom Førde og Brann.

– Dei første rundane i cupen er alltid vanskelege. Det kan bli ein knapp Brann-siger, men det kan faktisk hende at Førde klarar å vinne også. Så det vert spennande å sjå.

Satsar på ny «snakkis»

Storevik håpar resultatet blir 2–1 til Førde. Men det han mest av alt håpar på er at kampen kan gå inn i historia som ein skikkeleg «snakkis».

– Det var før mi tid, men eg veit at Brann var her på 80-talet, og den kampen blir snakka om enno. Så kanskje den kampen kan gå endå meir i historia, og at frå og med klokka 19.45, så er det Førde-Brann 13. april 2016 ein snakkar om i ettertid, seier Storevik.

Når folk tek turen til fotballbana i kveld, oppfordrar han dei som bur nært om å late bilen stå om dei kan.

– Bruk sykkel, parker i sentrum, gå bort til bana. For det som er den største utfordringa vår i dag er å få på plass til alle bilane. Så vi oppfordrar til å bruke sykkel eller beina, parker langt unna eller sett bilen heime.