Hopp til innhold

Håpar å bli klar til Start-kampen

Even Hovland har så vidt starta å trene etter to vekers avbrekk. Målet er å bli klar til Sogndal sitt møte med Start.

Even Hovland

SNART TILBAKE: Ein månad etter at Even Hovland sist spelte for Sogndal, kan midtstopparen vere tilbake mot Start neste helg.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var berre springing på trening i dag, så det gjekk fint, seier Even Hovland.

Han har halde seg vekke frå Sogndal sine balløkter i to veker, men nærmar seg no friskmelding igjen. Det er godt nytt for Harald Aabrekk & co.

LES OGSÅ: – Dette er tungt å svelgja

Var til undersøking hos landslagslege

Går alt etter planen, vert Hovland speleklar til neste seriekamp – mot Start på Fosshaugane 21. august.

– Eg håpar det skal gå, men vi får sjå an korleis progresjonen blir, seier Hovland.

Han har nyleg vore ein tur i Oslo, der han var til undersøking hos landslagslege Thor Einar Andersen.

Ein månad utan Hovland på bana

Etter alt å dømme har Hovland hatt ein strekk i muskulaturen, og den einaste medisinen var å ta det med ro.

– No har vi sydd eit opplegg, slik at eg skal komme meg fort tilbake. Eg treng å få tilbake ballkjensla, seier midtstopparen.

LES OGSÅ:

Siste kampen Hovland spelte var 1-0-sigeren heime mot Sarpsborg 17. juli. Sidan har han stått over oppgjera mot Rosenborg, Haugesund og Vålerenga.