Hopp til innhold

Han ønskjer seg fleire rike onklar

– Vi manglar privat kapital i Sogn og Fjordane, seier direktør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland. Han skulle ønskje fylket hadde fleire rike onklar som ville bruke meir pengar på å skape arbeidsplassar.

Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge

SNART PENSJONIST: Direktør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland, dreg fram Måløy-miljøet som eit godt døme på kva som er råd å skape av arbeidsplassar om ein er villig til å satse pengane i bedrifter i staden for eigedom.

Foto: Sigrid Skjerdal/NRK

– Her er nokre få unnatak, men samanlikna med meir urbane strok og dei store byane, så har vi ikkje så mykje kapital som er villig til å satse i næringslivet. Investorane vil heller bruke pengar på eigedom enn å skape arbeidsplassar.

Denne bodskapen kjem frå ein av dei som dei siste 14 åra har sett sitt tydelege stempel på næringsutviklinga i Sogn og Fjordane. Om kort tid ventar pensjonisttilværet for Halvor Flatland, men omsuta for næringslivet pensjonerer seg nok neppe.

Då direktøren i Innovasjon Norge var gjest i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane i dag, delte han litt av tankane, der han også har gode døme å vise til.

– Gunnar Carlsson i Måløy han har gjort det vi gjerne vil at dei med kapital skal gjere, nemleg å skape arbeidsplassar og nye bedrifter for unge arbeidstakarar, seier Flatland.

Manglar tunge kapitalmiljø

Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, forstår kva Innovasjon Norge-direktøren vil fram til.

Trond Teigene, administrerande direktør Sparebanken Sogn og Fjordane

BANKSJEFEN: Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane meiner det er råd å få tak i kapital for dei som har gode idéar.

Foto: Arve Ullebo

– Det er ikkje så mange tunge kapitalmiljø her i fylket. Samstundes er det ein investeringsvilje i næringslivet. Men den spring kanskje først og fremst ut frå eksisterande bedrifter. Vi ser jo blant anna i oppdretts- og havbruksnæringa, som har hatt fleire gode år, at fleire av oppdrettarane er villige til å investere i ny næring.

– Imponerande mobilisering

Teigene nemner Steinvik Fiskefarm, Sogn Aqua, Lefdal Mine Datacenter, oljebasen i Florø med INC i spissen og Loen Skylift som gode døme på at eksisterande bedrifter tenkjer nytt og investerer i å utvikle seg.

– Loen Skylift er jo ei imponerande mobilisering av eigenkapital i lokalsamfunnet, seier banksjefen, og peikar på at dei i Loen har klart å få inn 145 millionar kroner i lokal kapital til ei investering på 300 millionar kroner.

– Gode idéar får pengar

Han understrekar at det er kjempeviktig å støtte oppunder dei som evnar å tenke nytt.

– Det å få tak i kapital er fullt mogeleg om ein har gode idéar og forretningsmodellar som er framtidsretta, og som du får andre til å tru på. Då er har vi både kapital og kunnskap.

– Det handlar å ha dei rette idéane. Men det er ikkje pengane i seg sjølv som realiserer dei gode ideane. Er tilgangen på kapital for enkel, kan det jo hende det vert sett i gang mykje som ikkje har livets rett.