Hopp til innhold

Gamletrenaren gjer comeback for Eirik Bakke

Tidlegare Sogndal-trenar og landslagssjef Ingvar Stadheim ville engasjere seg lokalt. No hjelper han den nye trenaren til klubben.

Ingvar Stadheim og Eirik Bakke

DUO: Ingvar Stadheim (t.v.) brukar si leiar- og fotoballkompetanse til å gjere Eirik Bakke til ein god trenar.

Foto: Kollasje

– Å få jobbe med noko eg har personlege kjensler for er moro, seier tidlegare Sogndal-trenar Ingvar Stadheim, som brukar si eiga leiarerfaring til å gjere Erik Bakke til å bli ein betre trenar.

Og det er ingen kven som helst den ferske Sogndal-trenaren får hjelp av. Ingvar Stadheim har trent Sogndal i fleire periodar, og var landslagstrenar mellom 1988 og 1990.

– Eirik Bakke er eit leiartalent, men han har ikkje erfaring. Eg er ein samtalepartnar for han, i forhold til å utvikle leiarrolla. Det handlar om å finne seg til rette i leiarrolla, seier Stadheim.

Det starta med at den tidlegare trenaren vart valt inn i styret i Sogndal Fotball. Så kom idéen om at Stadheim kunne hjelpe Bakke i trenarrolla.

– Eg var lei av å reise i jobben min, og ville heller engasjere meg lokalt, seier Stadheim.

Ingvar Stadheim

TILBAKE I MANESJEN: Ingvar Stadheim skal gjere Erik Bakke til ein trenar som også er ein god leiar.

150 vil hjelpe Sogndal Fotball

Men det er ikkje berre Stadheim som stiller opp for gamleklubben. Like før jul starta klubben eit prosjekt der unge, eldre blir brukt som ressurspersonar inn mot alt som skjer rundt fotballen i Sogndal. 150 personar takka ja til å bidra for laget dei brenn for.

– Det er gledeleg for bygda, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil B. Mundal.

Han tykkjer dette er ein lur måte for Sogndal å gjere seg betre.

– Vi ser på kva oppgåver dei kan bidra med. Vi har mellom anna to tidlegare lærarar som bidrar med leksehjelp til dei yngste som går på fotballakademiet. No ser vi etter kokke-kompetanse i miljøet, seier Mundal.

Det er ikkje berre tidlegare spelarar som ønskjer å bidra for klubben.

– Ein kan ikkje påstå at tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte var så godt på bana, men han er av dei 150 bidragsytarane, humrar Mundal.

– Vi har ikkje økonomi til å kjøpe alle desse tenestene, men innsatsen har stor verdi for laget – det er eit utvida dugnadsomgrep.

– Ein som kjenner garderobelukta

Mundal seier dei tidleg såg at det var smart måte å få gitt Eirik Bakke støtte og hjelp.

– Vi kunne ikkje teikna ein betre ressurs i vår situasjon. Det er ein god match mellom Ingvar og Eirik. Vi har fått ein ressurs som kan og kjenner garderobelukta, seier Mundal.

For Stadheim handlar comebacket til Sogndal om å hjelpe Eirik Bakke og laget i hjartet sitt.

– Det er moro å jobbe med eit miljø som har gitt meg så mykje. Eg kan takke far til Eirik Bakke for mykje av det eg har fått oppleve, så no får eg gitt noko tilbake, seier den tidlegare landslagssjefen.