Hopp til innhold

Barn kom uskadde frå trafikkuhell

Til saman sju personar har laurdag føremiddag vore involvert i trafikkuhell på vegane i Sogn og Fjordane.

Uhell

Politiet melder laurdag føremiddag om nok eit trafikkuhell, denne gong på fylkesveg 55 i Årøysvingane mellom Sogndal og Hafslo.

Ein bil har køyrt ut av vegen og hamna i grøfta. Airbagane i bilen er utløyste, men ingen av dei tre i bilen skal ha fått skader. Ifølgje politiet er det snakk om ein mann som var sjåfør, og to barn på 5 og 7 år.

Ifølgje politiet har dei tre blitt sett til av ambulansepersonell. Trafikken går forbi staden, og bilbergar er rekvirert.

– Alle er ute av køyretøyet. Trafikken går greitt forbi på staden, skriv politiet på Twitter.

Tidlegare i dag vart fire personar sjekka av lege etter at ein bil køyrde av vegen på riksveg 5 ved Sundafjelltunnelen i Flora kommune.

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 08, og alle naudetatane rykte ut.

Ifølgje politiet har ein bil køyrt av vegen på austsida av tunnelen. Operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt seier bilen har sklidd over i motgåande køyrefelt før bilen har gått ut i grøfta. Ingen andre køyretøy har vore involvert.

Bilen har fått ein del materielle skader.

Airbagane i bilen vart utløyst, men ingen av dei fire i bilen vart skadde. Ifølgje politiet var det to vaksne og to barn på 6 år og 1,5 år i bilen. Helse Førde melder at dei fire er sett til av lege, men at dei vart dimitterte på staden.

Det er meldt at det er glatt vegbane med slaps og snø. Bilen er ikkje køyrbar, og blir henta av bilbergar.