Hopp til innhold

Halverte stryktal på vidaregåande - avskrudd nett og mobilar blant tiltaka

Talet på elevar som har fått stryk og tek opp igjen eksamen er halvert i Sogn og Fjordane det siste året. Krav og oppfølging er årsaka.

Kjetil Viken og Elias Eide les i friminuttet

GJER DET BRA: Kjetil Viken og Elias Eide har aldri stått i fare for å stryke, men kjenner på presset om å gjere det godt. Dei går begge siste året studiespesialisering på Hafstad vidaregåande skule i Førde.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Om ein går rundt med stryk blir ein sett litt ned på, seier Elias Eide. Han går i tredje på Hafstad vidaregåande skule i Førde, men har aldri opplevd å stryke i eit fag.

I fjor måtte 126 av 4237 elevar i Sogn og Fjordane opp til ny eksamen på grunn av stryk. Ein klar nedgang frå åra før, då dobbelt så mange strauk.

Politikarane i Sogn og Fjordane har vedteke at fylket skal vere best i landet på opplæring, med høg gjennomføringsgrad som eit av måla.

– Skulane har levert godt i lang tid. Likevel er det for mange som ikkje har fullført, seier Tor-Einar Holvik Skinlo, assisterande fylkesdirektør for opplæring.

Stiller krav til elevane

Inger Karin Oppedal står framfor Hafstad vidaregåande skule

NØGD: Inger Karin Oppedal frå Hafstad VGS er nøgd med at fleire elevar gjer det godt.

Foto: Espen Breivik / NRK

På Hafstad vidaregåande forklarer pedagogisk leiar Inger Karin Oppedal at dei i fleire år har jobba for denne utviklinga.

– Etter første termin tek vi ut oversikt over dei som står i fare for å stryke, og ser på kva vi kan setje inn av hjelpetiltak.

Elevar i fylket som får tilbod om ekstraundervisning må skrive under på eit samtykkeskjema med krav til eigen innsats.

I ordensreglementet til Hafstad VGS er det også krav om at elevane skal slå av mobilen og legge han vekk. Nettet kan også slåast av.

– Vi må vere strenge for å få fokus på det faglege. Vi ynskjer ikkje at elevane skal bruke timane til å vere på sosiale medium. Men det er også slik at tilgang til nett er tilgjengeleg når ein jobbar med fag, seier Oppedal

Brukar ressursar på dei som slit

Det er likevel oppfølging av kvar enkelt elev skulen meiner er viktigast.

– Vi brukar ein del ressursar på støtte og oppfølging, både i forkant av eksamen og for dei som stryk skal ta opp igjen prøver.

Janne Sandøy, Martine Kvamme og Pål-Victor Ese sit i klasseromet framfor PC og skulebok

POSITIVE TIL KRAV: Janne Sandøy, Martine Kvamme og Pål-Victor Ese går siste året på vidaregåande. Dei opplever det å bli stilt krav til som noko positivt.

Foto: Espen Breivik / NRK

Positive til krav

Janne Sandøy, Martine Kvamme og Pål-Victor Ese er positive til at det vert stilt krav.

– Krav til elevane betyr at lærarane tek jobben sin seriøst, seier Ese.

– Du vil jo jobbe etter dei forventningane du får. Om ikkje så gidd ein ikkje følgje med. Eg har ein lærar som stengjer nettet og får alle til å følge med, fortel Sandøy.

Skule-PC

NETT: På Hafstad VGS hender det at skulen slukkar nettet

Foto: Espen Breivik / NRK

Men elevane synsest også det kan bli for strengt.

– Om mobilen ligg på pulten kan ein få merknad. Det synest eg er litt på trynet. Eg konsentrerer meg betre med musikk på øyret når eg arbeider med kunstfag. Det er betre enn å høyre på bråket rundt, seier Kvamme.

– Det er viktig å stole på elevane også.