Hopp til innhold

Halve bygda såg Hevn

Det var kanskje ikkje overraskande at filmen skulle gå godt i Fjærland, sjølve spelplassen for det psykologiske dramaet. Men også elles i Sogn og Fjordane kan Hevn sjå attende på gode besøkstal.

Lokale talent i Hevn

GODE TAL: Til no har 9000 sett Hevn på norske kinoar, seier Vibeke Skistad, dagleg leiar i Euforia. Og enno står mange visingar att.

Foto: Vibeke Skistad

Før den ordinære premieren vart Hevn vist på bremuseet i Fjærland. Og av dei 280 innbyggjarane, fann 140 av dei vegen til kinosalen.

– Vi er godt nøgde med tala, særleg i Førde og Sogndal, og vi trur at filmen kjem til å leve lenge i Sogn og Fjordane, seier Vibeke Skistad, dagleg leiar i Euforia.

Enorm velvilje

Det er ikkje alltid lett å bli klok på mekanismane i eit bygdesamfunn, og i hemndramaet får vi eit innblikk i både fellesskapskjensla og «bygdedyret». Men i den verkelege verda er det tydeleg at lokalbefolkninga har støtta opp filmprosjektet. Og Skistad seier at dei har berre positive erfaringar.

– Vi har møtt ei enorm velvilje i alle ledd av produksjonen. Det er mange som stiller opp både med praktiske gjeremål og med å setja oss i kontakt med dei rette.

Og Skistad seier at det har vore svært gjevande å jobbe med mindre kinoar.

– Vi opplever at folk har fått eit sterkt eigarforhold til filmen, og at dei lokale støttar opp om sine talent på ein heilt annan måte enn på større stader, seier ho.

Gode tal

Filmen hadde kinopremiere 6. november, og Skistad seier 9000 har sett Hevn på norske kinoar. Men det er fleire kinoar i Sogn og Fjordane som enda ikkje har vist han.

– Kva forventningar hadde de til besøkstal?

– Det er nesten umogleg å spå eller ha forhåpningar om publikumstal på førehand, men så langt er vi godt nøgde, og vi trur Hevn vil få eit godt og langt liv i Sogn og Fjordane, seier Skistad.

Kjersti Steinsbø

REGGISØR: Kjersti Steinsbø har både skrive manus og reggisert filmen.

Regissøren til Nordfjordeid

Fredag kjem regissør Kjersti Steinsbø til Operahuset på Nordfjordeid, eit arrangement i samband med Kulturnatta.

– Det er fyrste gongen vi viser filmen her på Nordfjordeid, og vi tykkjer det er moro at regissøren tok seg tid til å vera her under premieren, seier Helga Didrikke Sundal, kulturarbeidar ved Operahuset i Nordfjord.

Steinsbø vil fortelje litt om arbeidet med filmen, og etter framsyninga vil ho vera til stades og svara på spørsmål.

Florø torsdag

Torsdag har Florø premiere på filmen, og dit kjem også den lokale skodespelarstjerna Kine Bortheim.

– Det er gledelege tal frå helga både i Høyanger, Balestrand og Stryn, seier Skistad.

– Vi har også hatt fine visingar i Fjaler, Sykkylven og Måløy. Snart kjem han også på kinoar både i Gloppen, Aurland og Årdal.