Hopp til innhold

Her kjem stjernene til fullsett premierevisning

FØRDE (NRK): Trond Espen Seim leia an då stjernene som kom til premierevisning av Hevn. For regissør Kjersti Steinsbø var det heilt naturleg å leggje premieren til Førde.

Premiere Hevn
Foto: Oda Ertesvåg / NRK

– Det skulle berre mangle. Vi har fire, flotte lokale jenter frå området med i filmen, og har filma i Fjærland i Sogndal, seier ein stolt regissør og manusforfattar Kjersti Steinsbø på veg inn til første visning.

Filmen «Hevn» er basert på Ingvar Ambjørnsen si bok «Dukken i Taket». Hemndramaet vart spela inn i Fjærland og på Mundal hotell sommaren 2014, og i dag var det premiere i Førdehuset.

– Eg har sett filmen utan musikken min. No er det med musikken, og det har vore eit ærefult oppdrag. Eg gler meg til å sjå sluttresultatet, seier komponist Thea Hjelmeland, som er ekstra glad premieren er lagt til heimstaden.

Kine Bortheim Jentoft og Frida Stubhaug Gamlestøl

LOKALE TALENT: Frida Stubhaug Gamlestøl (t.v.) og Kine Bortheim Jentoft er to av fire lokale, unge skodespelarar som er med i filmen.

Foto: Oda Ertesvåg / NRK

Spente lokale skodespelarar

– Det blir knallkjekt, seier Kine Bortheim Jentoft frå Florø og Frida Stubhaug Gamlestøl frå Førde.

Dei er begge blant dei flotte, lokale jentene som regissøren skryt av. Dei er blant skodespelarane som ikkje har sett det ferdige resultatet. Begge er ferske i gamet.

– Eg har ikkje ei stor rolle, men eg er jo med, og det er veldig kjekt. Eg gjekk på audition heilt utan forventningar, seier Stubhaug Gamlestøl.

– Fjærland løftar filmen

For den langt meir røynde skodespelaren Maria Bock, står sjølve filminga i Fjærland fram som eit høgdepunkt.

Maria Bock

SKODESPELAR: Maria Bock.

Foto: Oda Ertesvåg / NRK

– Å kome til Fjærland og bu der og vere der i seks veker var ei heilt fantastisk og utruleg fin oppleving. For det første var det ein gøy og bra film å lage. Men i tillegg var det naturen. Den oversikta, utsikta, lufta, alt er klart, alt er nydeleg.

Ho meiner valet av Fjærland har gjort heva filmen.

– Det lagar ei visuelt sterk ramme. Det løftar heile historia og rammar ho inn. Eg har sett filmen og han vart kjempefin, men eg må understreke at eg er innhabil, ler ho.

Premiere på filmen Hevn i Førde

SJÅ: Innslag frå Vestlandsrevyen. Frå Venstre på biletet: Regissør Kjersti Steinsbø, komponist av musikken i filmen, Thea Hjelmeland, og skodespelar Trond Espen Seim.

Mange premierefestar framover

– Det hadde teke seg ut om eg sa noko anna enn Maria no, men det kjem eg ikkje til å gjere, seier Trond Espen Seim.

– Det var fantastisk at vi fekk vere i Fjærland. Det er eit steinkast unna Oslo, men kostar urovekkande mykje. Difor er det deilig at vi fekk sjansen, seier skodespelaren, som enno ikkje har sett filmen.

– Eg stolar på Kjersti Steinsbø. Det er ei dame med god smak og klare meiningar, som veit kvar ho vil, seier han.

Det blir premierefest både i dag og etter visninga i Sogndal i morgon. Men Kjersti Steinsbø er ikkje med på at det blir ei slitsam veke.

– Ei gøy veke. Ei veldig gøy veke. Den reelle kinopremieren er neste fredag, så det blir mykje gøy framover, seier regissøren.