Hopp til innhold

Halve bygda vart evakuert under storbrannen viser nye tal frå kriseleiinga

Halve Lærdal vart evakuert under storbrannen førre helg. Nye tal frå kriseleiinga i Lærdal viser at 681 folkeregistrerte vart evakuerte.

Bustadhus totalskadd etter brann i Lærdal, bilete frå dagen etter

EVAKUERTE HALVE BYGDA: Halve Lærdal vart evakuert brannatta viser nye tal frå Kriseleiinga i kommunen. I området som vart evakuert bur det 681 personar.

Foto: Jan Erikstad

– 681 personar er halve tettstaden, seier presseleiar i kriseleiinga, Odd Helge Brugrand.

Under storbrannen i Lærdal førre helg der 17 hus brann ned til grunnen, vart store delar av Lærdal evakuert. Den første meldinga om brannen i eit bustadhus i Lærdal kom klokka 22.54 laurdag kveld.

Fleire evakuerte

Brannen har rasa gjennom Lærdal heile natta og deler av sentrum vart lagt i ruinar. 30 bygningar vart øydelagt i brannen. 400 personar har vore til undersøking på sjukehuset.

Fram til no har talet på evakuerte brannatta vore rundt 400. Men det viser seg at nesten det dobbelte vart evakuerte.

Framleis usikkert

– Lærdalsløyri vart evakuert frå Hansegardsvegen og vestover til fjorden. Dersom ein ser på dei som er folkeregistrerte i området utgjer det 681 personar, seier Brugrand.

Likevel er ikkje dette talet hundre prosent rett heller.

– Tala er avhengig av at dei som står folkeregistrerte der var heime då det brann, seier han.

Dei nye tala viser også at det var 393 husstandar som vart evakuerte.