Hopp til innhold

Hald deg fast! Til helga kjem «Ole» med grisevêret

Meteorologane spår at ekstremvêret «Ole» kan gje orkan og bølgjer på 25 meter. Verst vil stormen treffe nord i landet, men også her i fylket vil det bli vått og mykje vind.

Video Jobb i dårleg ver

STORM: Det er meldt orkan og store bølgjer i nord, men også her i fylket vil vi merke det.

Foto: Øystein Torheim/Steinar Lote / NRK

I nord blir folk bedt om å rydde i hagane og sikre båtar langs kysten, medan dei ventar på vinden som kjem. Her i fylket handlar det først og fremst om å bu seg mentalt på skikkeleg ruskevêr.

Skjønt, i fjella vil vi nok merke det vi òg. Her er det meldt kraftig vind i helga, utan at det inngår i ekstremvarselet meteorologane no går ut med.

– I høgfjella i Sør-Norge kan det bli orkan, men her har vi ikkje moglegheit til å gå ut med ekstremvarsel, seier statsmeteorolog Ine-Therese Pedersen.

Verst i nord

Orkan er den kraftigaste vinden som blir brukt i varsel og hender særs sjeldan. Slik vind kan gjere store øydeleggingar.

Det er Lofoten, Salten, Vesterålen og Sør-Troms som får det sterkaste vinden, slik prognosane ser ut no.

– Det blir ille. Vinden kan blåse over ein lang periode. På utsette stader kan det bli mange timar med orkan, seier Pedersen.

Ventar mykje vind i fjella

I Sogn og Fjordane er det laurdag venta vestleg, seinare nordvestleg storm i fjella. Vinden kan kome opp i orkanstyrke.

Men den vil kjennast godt på kroppen i låglandet òg, periodevis vil det vere stiv kuling utsette stader, frå ettermiddagen av sterk kuling og kan hende liten storm.

Frå laurdag er det venta regn, sludd og snøbyer i høgda, om kvelden også i låglandet.

Animasjon og forklaring av hvordan lavtrykket beveger seg mot Norge og fraktes av jetstrømmen.
Værmelding for fredag 6. februar