Hafstadfjellet (bak Førde Sentralsjukehus) er ikkje del av byen Førde, meiner tingretten. Arkivfoto NRK
Eigedomsskatt kan ein kommune berre skrive ut der det er bymessig utbygt, eller der utbygging er på gang. Difor har Førde innført eigedomsskatt i tettstaden og seinare utvida det nordover mot Sunde. Lova krev klart avgrensa område, og kommunestyret vedtok i si tid ei avgrensing der Hafstadfjellet var innanfor grensa for eigedomskatt.
Førde kommune fekk sakkunning støtte for at dette var etter lova. Dermed sende dei rekning til Norkring for eigedomsskatt på kring 40.000 kroner for sendaren og masta på fjelltoppen.
Nekta å betale
Norkring nekta å betale og gjekk til retten. Deira påstand var at toppen av Hafstadfjellet ligg utanfor området der kommunen har rett til å krevje eigedomsskatt, sjølv om kommunen har definert det innanfor.
Retten gav Norkring medhald. Retten ville ikkje ta stilling til Førde kommune sitt subsidiære standpunkt om at dei kan skattelegge sendaren etter eigedomsskattelova sin bestemmelse om ulike typar verk eller bruk, sjølv om desse ligg utanfor grensa for eigedomsskatt.
Frå pluss 40.000 til minus 150.000
Førde kommune vart også dømd til å betale motparten sine sakskostander på vel 150.000 kroner. Rådmann Ole John Østenstad i Førde vil ikkje kommentere dommen før han har lese han.