Uvedkommande har bora ni hol langs kjølen på båten som stod på prestegarden på Sandane.
- Dette er heilt ufatteleg, seier rektor Hallgeir Hansen. Han er sjokkert over hærverket, og har meld saka til politiet.
Risikerte ulukke
Det som gjer saka ekstra alvorleg, er at hola er bora slik at dei er vanskeleg å få auge på.
- Dersom vi ikkje hadde oppdaga hola og sett båten på vatnet, kunne det skjedd ei alvorleg ulukke, seier Hansen.
Den gamle båten er ein unik seksring, og vann roregattaen under båtfestivalen i Kalvåg i helga. Båten tilhøyrer ein mann på Vereide, men skulen har vedlikehalde og nytta han i mange år, og nyttar båten i undervisninga.
Rektor Hallgeir Hansen med seksringen. Foto Torbjørn Fardal NRK.