Hopp til innhold

Rådmann: – Hadde truleg ikkje tatt jobben hadde eg visst dette

Bremanger-rådmann Tom Joensen er sjokkert over å ha fått ei ny tapsbombe i fanget.

Tom Joensen

RYSTA: Etter knappe to år som rådmann har Tom Joensen fått ein ny skandale i fanget.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er slett ikkje kjekt. Hadde eg visst dette, så hadde eg kanskje ikkje tatt på meg jobben som rådmann i Bremanger, seier den ferske kommunesjefen.

Dette er ein type avtalar som ikkje høyrer heime i eit kommunerekneskap

Tom Joensen, rådmann i Bremanger

Har gambla med 820 millionar

Han er sjokkert over at kommunen har gambla om framtidig rentenivå som gjer at kommunen kan tape nye store summar. Terra skandalen kosta kommunen 290 millionar kroner, og i skrivande stund ligg Bremanger an til å tape nye 39 millionar kroner i år etter å ha inngått ein høgrisikoavtale gjennom såkalla derivat.

Også denne gongen er det selskapet Terra Secruities som har formidla finansavtalen.

Avtalane som vart ingått i 2006 og 2007 har ein samla verdi på 820 millionar, seier rådmannen som sjølv slo alarm då han sjokkert oppdaga kva avtalar som skjulte seg i dei kommunale papira.

– Vi er sjokkerte

– Formannskapet blei sjokkert. Det er vi blitt alle saman. Desse derivata blei ført inn i rekneskapen til Bremanger kommune i 2007, og det var då ført tap knytt til desse. Etter dette har det ikkje vore dei store svingningane knytt til desse avtalane, men i løpet av våren i år byrja varsellampene å lyse. Eg såg ikkje noko anna å gjere enn å varsle Fylkesmannen og politikarane om utviklinga vi no ser.

Joensen fortel at kommunen no har engasjert spesialistar for å finne ut av kva som er mekanismene under famøse avtalene.

– Dette er ein type avtalar som ikkje høyrer heime i ein kommunerekneskap, fastslår den ferske rådmannen med knappe to år i sjefsstolen.

Klussar til gjeldsplanen

Etter å ha tapt enorme summar på Terra-skandalen leier han ein kommune som desperat freistar å få hovudet over den økonomsike vassflata att. No blir dette endå vanskelegare.

– Det rotar til heile opplegget vi har hatt for å dekkje det akkumulerte underskotet frå tidlegare. Vi må må sjå dette i høve til den åtteårsplanen som vi har lagt for å dekkje inn underskotet.

Joensen legg ikkje skjul på at nye milliontap i Bremanger vil kunne påverke drifta av kommunen.

Truleg nokon i administrasjonen

– Kven er ansvarleg for at desse avtalane vart inngått?

– Eg veit faktisk ikkje per i dag kven som har signert desse, men det er nok i administrasjonen at avtalene er inngått, seier rådmannen.

Forgjengaren, Tor Kristian Gulhagen, pensjonerte seg etter opprullinga av Terra-skandalen. Joensen seier at han på det noverande tidspunkt ikkje har tenkt å seie opp stillinga si