Fylkesmannen i Sogn og Fjordane slår no alarm og vil utføre lovlegkontroll av finansforvaltninga i Bremanger kommune.
– Det verkar rimeleg openbert at viss ein veddar på kva renta vil bli 20 år fram i tid, så er det i alle fall ein dristig manøver av ein kommune utan spesiell finansiell kompetanse, seier fylkesmann Oddvar Flæte til NRK .
Minus 39 millionar
Bremanger kommune slit framleis med gjelda kommunen pådrog seg etter Terra-skandalen for eit par år sidan. Men i kjølvatnet av Terra kan det komme nye økonomiske sjokk på rådhuset i Svelgen.
I eit skriv frå Bremanger kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane framgår det at investeringane i såkalla derivat per 31. august låg an til eit tap på 39 millionar kroner i 2010.
– Det er ikkje noko kjekt. Vi er uroa over situasjonen. No håpar vi at utviklinga i marknaden dei tre siste månadene av året går rett veg, seier Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap) til NRK.
Avtalen Bremanger har inngått går ut på at kommunen tener pengar på plasseringa så lenge renta er over 6,0 prosentpoen, men taper når renta er under 6,0 prosent. Med langvarig låg rente, har tapa blitt store.
- LES OGSÅ:
Fylkesmannen: – Alvorleg
Rådmannen i kommunen tok sjølv kontakt med Fylkesmannen for å få vurdert om dei har følgt lova.
Fylkesmannen ser svært alvorleg på saka.
– Det er klart det er alvorleg for ein kommune som no hadde starta oppryddinga og har gjort ein god jobb med å prøve å komme på beina. Då er dette eit hardt slag å få. Og det er også summar som gjer at ein blir litt matt på kva som er mogleg å gjere, seier Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Kom ikkje fram i Terra-granskinga
Transaksjonane som no skal under lupa til Fylkesmannen er gjort av kommunen i perioden frå mars 2006 til februar 2007.
Flæte seier dette kom som ei overrasking.
– For oss kom det uventa då vi fekk brevet frå rådmannen der han, heilt korrekt, varsla om dette, vedgår fylkesmannen som har beordra full gransking.
Kommunen har vurdert investeringa som gjeld, og postane er oppførte i balansen i kommunerekneskapen som kortsiktig gjeld. Dei vart såleis ikkje vurdert ved gjennomgangen av Terra-saka i 2008. Det har heller ikkje vore indikasjonar frå kommunen på at dei hadde eit latent problem.
Lova er klar
Fylkesmannen går langt i å antyde at investeringa ikkje er i tråd med lovverket.
– No skal vi sjølvsagt avvente vår gjennomgang, men viss ein går tilbake til kva lovverket seier, så seier paragraf 52 i kommunelova at kommunane skal forvalte sine midlar slik at tilfredsstillande avkasting kan oppnåast utan at det inneber vesentleg finansiell risiko. Og det er klart at dette høyrest ut til å ha stor finansiell risiko, seier Flæte.