NRK Meny

Gulldamene skal få varm mottaking

Førde kommune vil heidre dei ferske norgesmeistrane i volleyball når dei er venta heim frå Oslo i 19-tida søndag kveld. Damelaget til Førde vann i går cupfinalen med 3-1 over Oslo volley. – Vi vil vise at vi er veldig stolte og håpar så mange som mogleg tek turen til Førdehuset, seier kommunalsjef for kultur, Trond Ueland.

Førde Volleyballklubb cupmeistrar
Foto: Peder Graham Guttormsen