NRK Meny
Normal

Førde cupmeistrar for damer for første gang

Førde volleyballklubb kom seint i gang, men fekk til slutt revansje for cupfinaletapet for Oslo Volley for seks år sidan.

Førde volleyballklubb cupmeistrar

CUPMEISTRAR: Førde sine volleyballdamer kunne for første gang juble for cupmeisterskap og Kongepokal.

Foto: Peder Graham Guttormsen

Cupfinalen mot dei regjerande cupmeistrane enda 3–0 (25-18, 11-25, 25–20 og 25-20) i favør av sunnfjordingane.

Hilde Elvebakk mottek Kongepokalen

KAPTEIN: Hilde Elvebakk fekk Kongepokalen og gratulasjonar frå førdeordførar Olve Grotle (H).

Foto: Peder Graham Guttormsen

Dermed kunne førdedamene gjere som herrelaget i klubben gjorde i 2016, 2011 og 2007: heve Kongepokalen.

Oslo volley kjempa om sin åttande NM-tittel. Førde om sin første. Det vart ein cupfinale med nerve og spenning og ein cupfinale der Oslo kom best i gang.

Førde fekk lite til å stemme, men anført av gode Alyssa Wolf, Marianne Steen Knudsen og Karoline Fauske var sjølvtilliten tilbake i andre sett.

Førde Volleyballklubb cupmeistrar

MEISTRAR: Førde volleyballklubb er for første gang cupmeistrar for damer.

Foto: Peder Graham Guttormsen

– Første sett vekte oss, eg bad spelarane berre køyre på. Vi hadde ingenting å tape, sa førdetrenar Vitor Macedo til Volleyballforbundet si strøyming av kampen.

Sidan såg Førde seg aldri tilbake i Ekeberghallen. Etter eit tredjesett med lange ballvekslingar og godt forsvarsspel frå begge lag, var assistenttrenar Espen Kirketeig klar på kva som måtte til for å dra i land cupmeisterskapet.

– Vi må gjere det same. Spele vårt spel, halde oppe trykk på serve og vere ryddige i blokk og serve. No har vi fått i gang Marianne og Alyssa, spesielt. Så har vi ei blokk som tek det som kjem.

Til slutt var det nemnde Fauske som slo inn det siste og avgjerande poenget for Førde. Men canadiske Wolf stod likevel att som kampens gigant.

– Alyssa gjer ein stor skilnad for laget. Ho er ein stabilisator, seier Macedo.