Hopp til innhold

Arresterte tre partileiarar for sivil ulydnad

Leiarar frå tre ungdomsparti vart i ettermiddag arresterte etter å ha lenka seg fast i fire timar i ein aksjon mot gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Ungdomsleiarar arresterte

ARRESTERT: F.v. leiar i Sosialistisk Ungdom, Nicholas Wilkinson, leiar i Grøn Ungdom, Lage Nøst og leiar i Rød Ungdom, Linn-Elise Øhn Mehlen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi valde å lenkje oss fast fordi vi meiner den miljøkriminaliteten Nordic Mining gjer er større enn den kriminaliteten vi gjer, seier Linn-Elise Øhn Mehlen som er leiar i Rød Ungdom.

Saman med sju andre, deriblant Nicholas Wilkinson som er leiar i Sosialistisk Ungdom og Lage Nøst i Grøn Ungdom, vart Mehlen arrestert og transportert til politistasjonen i Førde.

Aksjonistar på tvers av fleire organisasjonar, med Natur og Ungdom i spissen, har drive med sivil ulydnad i over ei veke i Engebøfjellet for å hindre Nordic Mining i å drive prøveboring.

Det Nordic Mining gjer er basert på eit lovleg vedtak. Kvifor protesterer de då?

– Nokon gonger må ein ty til sivil ulydnad når systemet ikkje strekkjer til, seier talsperson for Grøn Ungdom, Lage Nøst.

Ungdomsleiarane arresterte

I POLITIBILEN: Leiar i Rød Ungdom, Linn-Elise Øhn Mehlen og leiar i Sosialistisk Ungdom, Nicholas Wilkinson, aksjonerte i fire timar før dei vart fjerna av politiet.

Foto: privat

Trur ikkje dette har skjedd før

– Eg trur ikkje det har skjedd før at tre partileiarar har vorte arresterte slik. Men det seier noko om kor alvorleg denne saka er. Vi kan ikkje stå stille og sjå på dette, seier Wilkinson, som deltek i sivil ulydnad for første gong.

Heller ikkje Mehlen har tidlegare praktisert sivil ulydnad, men var ikkje i tvil om at det var påkrevd i denne saka.

– Konsekvensane i denne saka er så store. Det handlar om framtida vår. Men det kjennest rart å sitje arrestert saman med andre ungdomsparti-leiarar, seier Mehlen.

I tillegg er leiaren i Natur og Ungdom arrestert. Ho er også blitt arrestert tidlegare.

Ungdompartileiarar besøkte gruveaksjonistar i Vevring

ARRESTERTE: Desse partipolitikarane var til stades i Vevring onsdag (frå venstre): Lage Nøst (Grøn Ungdom), Nicholas Wilkinson (SU), Linn-Elise Øhn Mehlen (Rød Ungdom) og Mani Hussaini (AUF). AUF-leiaren var den einaste som ikkje lenka seg fast. Leiar i Unge Venstre, Tord Hustveit, hadde planar om å delta, men rakk ikkje flyet frå Oslo.

Foto: Bård Siem / NRK

Vil ikkje godta bota

Politiet har fleire gonger uttrykt frustrasjon for at andre oppgåver må vike til fordel for å fjerne aksjonistar.

– Det er gjort eit demokratisk, politisk vedtak. Dei får tenke det dei vil, men sivil ulydnad er noko anna. Dette sug ressursane ut av politiet, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Espen Gulliksen.

– Eg tenker det er veldig dumt og det skulle aldri vore slik at nokre politikarar hadde tillete Nordic Mining å begynne med dette prosjektet. Då hadde du sleppt heile greia, seier Wilkinson.

Ingen av dei tre leiarane i ungdomsorganisasjonane kjem til å vedta bøtene sine.

– Eg meiner eg ikkje har gjort noko kriminelt. Difor kjem det nok også til å bli ei rettssak, seier Wilkinson.

Reagerer på påstandar

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum, har lite sansen for at aksjonistane hevdar selskapet driv miljøkriminalitet.

– Saka har vore prosessert i norske forvaltningssystem i snart ni år. Det er trist at dei som i utgangspunktet skal vere med å hegne om lover og reglar i demokratiet vårt, no er dei som både bryt lova og utfordrar demokratiet. Skal alle ta lova i eigne hender, eller er det berre greitt når det passar dei, seier Fossum.