Geir Grønnevik. Arkivfoto NRK
Han løfta 147,5 kilo i rykk og 177,5 kilo i støt, til saman 325 kilo i 105-kilosklassen. Utan skaden meiner Grønnevik at han kunne ha sett norsk rekord.
Ikkje alvorleg skade
I så fall kunne det ha blitt ein sjuande-åttandeplass i staden for tiandeplass. Den skaden Grønnevik fekk i rykk var ikkje verre enn at han kunne fullføre meisterskapen, og kjem ikkje til å skapa så mykje bry framover for Tambarskjelvar-vektløftaren.