Hopp til innhold

Brann 15 meter frå husveggen

Lyngbrannen nær eit hus i Svelgen er no sløkt, opplyser Alarmsentralen.

Brann i Svelgen.

RASKT KONTROLL: Brannmannskapa fekk etter få minuttar kontroll over lyngbrannen.

Foto: Oddbjørg Hessevik

SISTE: Klokka 10.05 opplyser Alarmsentralen til NRK at brannmannskapa har fått kontroll over brannen. Dei driv no på med ettersløkking og nedkjøling av området.

– Klokka halv ti fekk vi melding om at det brenn i lyngen ved sidan av eit hus i Svelgen, i nærleiken av Strandvegen. Personen som melde frå om brannen held kontroll på flammane ved hjelp av ein hageslange, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen til NRK litt over klokka halv ti.

15 meter til næraste bygning

Vaktleiar Frode Korneliussen ved Alarmsentralen seier at det er rundt 10–12 kvadratmeter som er avsvidd ved eit bustadfelt sør for Svelgen sentrum. Det er 15 meter til næraste bygning.

– Det er ein gunstig vindretning og nesten vindstille. Vi har sendt ut eit lag på fem-seks mann og reknar med å få raskt kontroll over brannen, seier han til NRK litt før klokka 10.

God hjelp av hageslangen

Politiet er av same oppfatning.

– Vi har godt håp om å klare å sløkke brannen då meldaren har kontroll på den med hageslangen, seier Knappen.

Både brannvesenet og politi har rykka ut, opplyser ho.

Minner om bålforbod

Korneliussen kan førebels ikkje seie noko om kvifor det byrja å brenne i Svelgen, men han minner om at det er totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. Det inneber og at det er forbode å grille eller brenne bål i strandsona eller å setje fyr på hageavfall.

Tørken den siste tida har ført til fleire gras- og lyngbrannar over heile landet.

grasbrann