Av Arne Eithun og Vegar Erstad
Han synst ideen er god fordi ein kan gi opplevingar av fjordlandskapet på ein annan måte.
Utsikt frå Kyrrelvstupet
Einaste i fylket
Dersom alt går etter planen kan Vik få den einaste gondolbana i Sogn og Fjordane. Rett nok finst det restar av ein gamal gondol ved Harastølen i Luster. Men den vart ikkje brukt til å frakte turistar, slik planen er i Vik. Kommunen ynskjer også å bygge ei cruiseskipkai og dersom det går i orden vil mykje vere lagt til rette med tanke på ei gondolbane til fjellet Kyrrelvstupet, seier Helleland.
Må ha eit tilbod
Ein cruisehamn kan vere avgjerande for å få fleire til å kome hit på ein enklast mogleg måte. Men det er attraksjonane på land som har noko å sei om ein cruisehamn vert ein suksess eller ikkje.
Næringssjefen ynskjer ikkje å kommentere kven som har planar om å bygge ei gondolbane i Vik