Hopp til innhold

Godtek ikkje utsetjing av cruiseinvesteringar

Stryn kommune vil ikkje akseptere at investeringane i cruiseanlegget i Olden vert utsett. Det seier ordførar Sven Flo (H).

Cruiseskipet "Independence of the Seas" i Olden

FRYKTAR UTSETJING: I over åtte år har det vore planlagt å investere i fornying av cruisekaia i Olden. No fryktar Stryn kommune at investeringane vert utsette.

Foto: Arne Vik

Den økonomiske situasjonen til Nordfjord Havn gjer at dei må revurdere planlagde investeringar for fornying. No er det Olden sin tur, meiner Flo.

– Det som vi har sett på no er om det skal byggjast ei kai nummer to i tillegg til den kaia som er på Muri-sida i dag. Alternativt om det skal etablerast ei løysing i høve til Seawalk, seier Flo.

– Nøydde til å parere cruiseutviklinga

Sven Flo

VIL IKKJE NEDPRIORITERAST: Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), er redd dei planlagde investeringane i Olden vert lagde på is.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kvar sommar tek hamna i Olden imot titusenvis av cruiseturistar. Flo er uroa over at investeringar i fornying vert sett på vent.

– Cruisetrafikken er i utvikling og vi er nøydde til å parere den utviklinga. Det gjer også at vi må ha ein infrastruktur på land som i større grad greier å takle dette. Dette er vi altså heilt avhengige av å få på plass no så raskt som mogleg, seier ordføraren.

Nordfjord Havn står med eit uavklart krav på to millionar kroner frå Hurtigruten. Det interkommunale selskapet fekk avslag på søknad om 12 millionar kroner i støtte frå fylkeskommunen, og investeringsplanane omfattar i tillegg til Olden, oppgradering av arealet på Trollebø og utvikling av nytt kaianlegg i Barstadvika, som ligg mellom Måløy og Raudeberg. Berre arbeidet Barstadvika vil koste nær 50 millionar kroner.

– Mitt signal er så sterkt og tydeleg at det vil ikkje bli akseptert å ikkje utsetje investeringane i Olden som no har vore etterspurt i over åtte år, seier Sven Flo.

Hamnedirektøren vil prioritere Olden

Men Olden vil ikkje bli nedprioritert, ifølgje hamnedirektør Trond Garshol. Den økonomiske situasjonen var tema på sist styremøte, og skal diskuterast igjen rett over nyttår.

– Kanskje vi må investere litt mindre enn kva som først vart planlagt, men Olden må vere prioritert.Vi må sjå på investeringane vi skal gjere og så må vi lage ei prioriteringsliste over kva vi skal setje pengar på og kor mykje. seier Garshol.

Han ser heller føre seg å nedprioritere ambisjonane for Barstadvika, med tanke på blant anna storleik på kaia som er planlagd der.

Olden Mølle og cruisekai

VIL FORNYE: Stryn kommune ønskjer å omsider kunne få oppgradere cruisekaia i Olden slik at den får betre kapasitet enn i dag.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Heller meir lån enn oppstykking

Men Vågsøy kommune er største eigar i Nordfjord havn, og ordførar Morten Hagen (H) vil om naudsynt ta opp meir lån for å gjennomføre alle planane.

– Slik eg ser det ligg prioriteringane der, og det er Barstadvika og Olden som ligg som prioriterte prosjekt, og eg ventar at vi gjennomfører dei på den måten som det ligg i planen. Eg forventar at det låneopptaket det er behov for, dersom det er økonomisk bereevne til det, vert teke i bruk, seier han.

Morten Andreas Hagen

VIL HA ALT: Vågsøy-ordførar Morten Hagen (H) ønskjer om mogleg å ta opp meir lån heller enn å stykke opp planane for Olden og Barstadvika.

Foto: Bjarne Eldevik

Å stykke opp investeringane i Barstadvika er han lite begeistra for.

– Det kan setje avgrensingar på bruken av området, og då kan den investeringa som er gjort i første trinn ikkje få den effekten som den skal, seier Hagen.

Arbeider med ny reguleringsplan for Olden

Ordførar Sven Flo (H) sit i Hamnerådet og har sjølv godkjent dei opphavlege planane, men seier at det var ut ifrå at dei fekk pengar frå fylkeskommunen og at ein ikkje stod overfor eit millionkrav ifrå Hurtigruten.

Kommunen arbeider med ein ny reguleringsplan for Olden. Når den er klar i februar må Nordfjord Havn forstå kor viktig cruisekaia og cruiseområdet er, meiner Flo.

– Cruise er ei viktig inntektskjelde for Nordfjord Havn, og difor meiner eg det er heilt urimeleg å seie at ein no igjen skal leggje investeringane på is. Det er ikkje akseptabelt frå mi side.