Hopp til innhold

Hurtigruten krev tilbakebetalt pengar frå Nordfjord havn - kan bli rettssak

Hurtigruten krev tilbakebetalt to millionar kroner frå Nordfjord havn. Hurtigruteselskapet meiner dei har betalt for mykje i anløpsavgift på sine stopp i Måløy i 2012 og 2013.

Hurtigruten Finnmarken på veg ut frå Måløy

MÅLØY FOR DYR? Hurtigruteskipet «Finnmarken» på veg sørover etter anløp i Måløy, anløp Hurtigruten meiner er for dyre.

Foto: Eva Westvik / NRK

Kommunikasjonsrådgjevar Stein Lillebo seier Hurtigruten kan ende med å ta saka til retten.

– Vi har sett ein bekymringsfull vekst i hamnekostnadene våre, ein auke på 25 prosent frå 2009 til 2013.

Stein Lillebo

BEKYMRA: Kommunikasjonsrådgjevar Stein Lillebo i Hurtigruten.

Foto: Art Rent AS

Auken i anløpsavgiftene førte til at Hurtigruten samla rekneskap og informasjon frå alle dei 34 anløpa langs kysten. Ved eit 20-tals hamner konkluderte dei med at anløpsavgifta er for høg. Mellom dei hamnene er Måløy. For selskapet utgjer det millionar av kroner.

– Det er klart at vi er bekymra for den utviklinga, og vi ynskjer å sjå nærare på det.

– Heilt urimeleg

Hamnedirektør Trond Garshol i Nordfjord havn avviser blankt at anløpsavgifta er for høg.

– Vi synest det er heilt urimeleg, og det er ikkje berettiga i det heile.

Nordfjord havn er medlem av Havneforeninga som har hyra advokat.

– No er vi på veg til å finne ein revisor som kan kvalitetssikre dei tala dei har, så må vi sjå på utgreiinga av anløpsavgifta ein gong til.

– Må kanskje redusere ambisjonane

Nordfjord havn står føre betydelege investeringar for fleire titals millionar kroner, i Barstadvika i Måløy og i Olden. På førre styremøte bad hamnedirektør Garshol om fullmakt til å gjere tiltak for å betre den økonomiske situasjonen i det interkommunale selskapet.

– Må vi betale tilbake pengar til Hurtigruten vil det sjølvsagt slå negativt ut. Kanskje vi må vere litt meir forsiktige med å investere i Olden og Barstadvika, og vi må kanskje redusere ambisjonane våre.

Til retten?

Vert dei ikkje samde er Hurtigruten klar til å gå i retten, seier kommunikasjonsrådgjevar Stein Lillebo.

– For Hurtigruten er det snakk om så store beløp samla at vi er klare til å gå til rettslege skritt.