Vanskeleg råstoff-situasjon fører til at framtida for den eine fabrikken er usikker, men dei trur tilsette kan overførast til den andre fabrikken.
50 tilsette
SildeoljefabrikkDei to fabrikkane i Vågsøy har tilsaman 50 tilsette, og er eigd av Welcon ASA. Etter det NRK erfarer har konsernsjef Arne Stang informert tillitsvalde om at ein av fabrikkane kan bli lagt ned.
Håper på overføring
Økonomisjef ved Måløy Sildoljefabrikk, Arnt Ove Hoddevik, seier i ein kommentar at dei har godt håp om at viss ein fabrikk blir lagt ned, så skal dei likevel sleppe å seie opp folk, fordi bemanning skal overførast til den andre fabrikken.
Fryktar ikkje for jobbane
Tillitsvald ved fabrikken i Ulvesund, Ragnar Johnsen, trur heller ikkje på oppseiingar. Han seier stemninga blant dei tilsette er god og at dei ikkje fryktar for jobbane sine.
Mindre kvoter
Årsaka til at Welcon vurderar nedlegging er at tilgongen på kolmule er vanskeleg og vil bli verre sidan mindre kvoter er på trappene. Det seier administrerande direktør i Norges Sildesalslag, Johannes Nakken.