Alt no ser det ut til at Eid kommune vil spare ein million kroner årleg berre på driftsutgifter, fortel prosjektleiar og teknisk sjef i kommunen, Magne Hjelle. Dette skjer samtidig som regjeringa no går vekk frå lovnadene om å satse på fjernvarmenettet i Norge.
På Nordfjordeid får dette ikkje konsekvensar. Både offentlege og private bygg er i gong med å kople seg på nettet som utnyttar sjøvarmen, seier Hjelle.