Harpefossen Foto: Jarle Åsebø
- Vi har hatt ein veldig god sesongstart. Vi har køyrt kvar dag sidan 1. juledag, og vi har hatt veldig godt besøk heile jula, seier han.
Stor snøproduksjon
Allereie dei fyrste åtte dagane har dei køyrt inn ein femtedel av budsjettet, samanlikna med sesongen i fjor. I tillegg har snøkanonene gått for fullt og alt no har dei produsert to tredjedelar av den kunstsnøen dei treng i hovudtraseen.
Ideelle forhold
Driftsleiar Frode Briksdal ved Stryn skisenter seier dei nyttar kvar anledning til å produsere kunstsnø. Det har vore ideelle forhold for snøproduksjon, og sidan starten 18. desember har det har vore mange på ski i hovudtrasseen.
Bra besøk i Sogndal
I Hodlekve i Sogndal har det vore bra med folk dei sju dagane skisenteret har halde ope, men framleis ønskjer dei seg meir snø, seier styreleiar Gunnar Solbakken.
Lite snø
På Heggmyrane skisenter på Hafslo er det lite snø, men dei har hatt ein bra sesongstart. Sidan veka før jul har dei halde ope øvste delen av anlegget. Og ein kilometer er betre enn ingenting, meiner styreleiar Brynjulf Brynjulfsen.
Berre Bjørkelia har opna
I Sunnfjord er det berre Bjørkelia i Jølster som har opna, og berre nedste delen av bakken og barnetrekket har nok snø. Styreleiaren fortel om godt besøk dei tre dagane dei har halde ope.