Hopp til innhold

God generalprøve før NM på heimebane

Sleggekastarane Evald Osnes Devik og Hans Sande sette personlege rekordar på Bislett denne helga. Dette berre ei veke før NM i friidrett for juniorar på Byrkjelo.

Hans Sande og Evald Devik

PERSONLEG REKORD: Berre ei veke før junior-NM på Byrkjelo kasta Hans Sande 53,90 meter og Evald Osnes Devik 56,16 meter under eit elitestemne på Bislett.

Foto: Nils Ove Roset

Utøvarane frå Gloppen FIL kasta høvesvis 56,16 og 53,90 meter under elitestemnet «Boysen Memorial», noko som ifølgje Devik lovar godt før NM på heimebane.

– Eg håpar å vere ein medaljekandidat. Ein tredjeplass er nok reelt, men det kan også gå betre, seier han.

– Har meir å gå på

Etter konkurransen var avslutta gjennomførte Devik eit kast på 57,10 meter. Rett nok var kastet underkjent, men sleggekastaren tar det likevel som eit godt teikn.

– Det tydar på at eg har meir inne, sjølv om eg ikkje følte meg spesielt kvikk under stemnet, fortel Devik.

Devik har dette året kombinert trening med fyrstegongstenesta i militæret, noko som har vore utfordrande. Ifølgje 20-åringen har i det tillegg blitt tøffare kamp om dei gjævaste plasseringane innanfor sleggekast dei siste åra.

– Det er ein god del som byrjar å bli relativt gode, men eg har eit håp om å kaste opp mot 58 meter. 60 meter hadde sjølvsagt vore veldig kjekt, men det er vel litt urealistisk med tanke på fyrstegongstenesta og slikt, seier Devik.

Han har teke seg langperm på tre veker for å få best mogleg opplading til meisterskapen på heimebane.

– No skal eg rett heim på stemne i dag, også blir det tunge økter måndag, tysdag og onsdag, også litt lettare fram mot helga, fortel sleggekastaren.

Har tru på fleire medaljekandidatar

Narve Heggheim i Sogn og Fjordane Friidrettskrins har mange kandidatar på lista si over utøvarar frå fylket som kan ta medaljar under NM på Byrkjelo.

– I tillegg til sleggekastarane har vi sjølvsagt diskoskastar Thomas Mardal frå Gloppen FIL, som kan gjere det godt og hekkeløpar Kirsti Strømmen Kjerpeset frå Florø T & IF, seier han.

Kjerpeset kom på ein andreplass på 100 meter hekk med tida 14,65 under elitestemnet på Bislett.