I eit brev krev dei at pasientane vert teke meir omsyn til, og at den økonomiske styringa frå Helse Vest si side vert betre. Det seier føretakstillitsvald i Fellesorganisasjonen, Harald Bjarte Reite.
Vil ha pasienten i fokus
Dei krev at pasienten vert sett i fokus igjen. Det ser ut som om økonomien er blitt hovudmålet framfor pasienten sin helse og behov, seier han.
Ni av 15 hovudstillitsvalde i Helse Førde har skrive brev til både styra i Helse Vest og Helse Førde for å prøve å få ei betring på situasjonen. Dei meiner helseføretaka no er langt frå å oppfylla måla med den nye helsereforma, som skulle gjere helseteneste betre frå pasientens ståstad. No vert tilboda berre dårlegare og dårlegare. Ein er på veg til å hamne 30 år tilbake i tid, då vi måtte dra til Bergen for å få spesialisttenester, seier Reite.
Kritisk til Helse Vest sin innblanding
Reite er også svært kritisk til Helse Vest si styring over Helse Førde når det gjeld økonomisk tenking. For berre kort tid etter at arbeidsgrupper i Helse Førde hadde lagt fram sine forslag til sparetiltak, kom Helse Vest med heilt andre forslag. Dette er under ein kvar kritikk i fylgje dei tillitsvalde. Dei meiner Helse Førde bør få større råderett.
Legg skulda på helseministeren
Sjølv om Reite er kritisk til måten pengane vert forvalta på regionalt, legg han hovudskulda for den kritiske situasjonen i helsenorge på helseministeren. -Vi har ein helseminister som skyver frå seg ansvaret til styra i dei regionale helseføretaka, og viser lite vilje til å styre, seier han.
Og vert ikkje den økonomiske situasjonen betra, ser han mørkt på framtida. Han fryktar ein må sei opp helsepersonell. Då er auken i utdanningskapasiteten for helsepersonell bortkasta.