Høgre i Gloppen meiner kommunen ikkje treng ty til eigedomsskatt for å få råd til trivselshagen. Hans Os, som er gruppeleiar for Høgre, meiner det finst andre måtar å finne pengar på.
- Ingen veg utanom
Måndag skal Gloppen kommunestyre igjen ta stilling til om det skal innførast eigedomsskatt. I fjor vart det avvist med klart fleirtal, men no meiner rådmann Martin Lyngstad at det ikkje er nokon veg utanom, dersom Gloppen vil byggje Trivselshagen.
Lyngstad ville i utgangspunktet ha eigedomsskatt frå neste år, men i formannskapet vart det eit klart fleirtal for at det skal innførast frå 2007. Fleirtalet meiner dette må til for å skaffe dei 40 millionar kronene som Trivselshagen kostar.
Gjengangar
Eigedomsskatt har vore ein gjengangar i Gloppen dei siste åra, men trass i at kommuneøkonomien har vore skral, har motstandarane vunne kvar gong. Denne gongen kan det bli annleis - det har mellom anna ikkje vore eit einaste lesarinnlegg i Firda Tidend etter at rådmannen kom med sitt framlegg.
Men Hans Os og Høgre trur ikkje det er fordi motstandarane har resignert, og han trur motstandarane skal vinne fram denne gongen og.
- Folk har tiltru til at politikarane ikkje har snudd, og at ein skal unngå eigedomsskatt denne gongen òg, seier Os.