Rådmann i Gloppen, Martin Lyngstad, er ein nøgd mann i dag.
- Vi tykkjer det er kjekt at vi har fått medhald i Høgsterett på saka vår, seier Lyngstad.
Tre gongar i retten
Tvisten mellom Gloppen kommune og fylkesskattesjefen har vart sidan 1999 og vore gjennom tre rettsinstansar. I tingretten vann Gloppen, i lagmannsretten vann fylkesskattesjefen, og til sjuande og sist, i Høgsterett, fekk kommunen medhald.
900.000 kroner årleg
Dommen i Høgsterett betyr at Gloppen kommune får tilbake mellom seks og sju millionar kroner, og at kommunen slepp å betale 900.000 kroner årleg i skatt for utleige av kraftstasjonane i Gloppenelva i ti år framover. Det blir til saman vel 15 millionar kroner. I tillegg må motparten betale sakskostnadene på 600.000 kroner. Og pengane kjem vel med i ein kommune som slit med økonomien.
- Pengane går til å nedbetale underskot frå tidlegare år, men det vil jo hjelpe godt på likviditeten vår, seier Lyngstad.