Hopp til innhold

– Ein gledeleg dag, no ser framtida lys ut

– Vi har teke viktige steg for å sikre framtida til Nordfjord sjukehus, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Alfred Bjørlo/Nordfjord sjukehus

LETTA: Eid-ordførar Alfred Bjørlo er glad for at operasjonsavdeling no er teken i bruk att.

Foto: NRK

I dag blir nemleg operasjonsavdelinga teken i bruk. Så langt er 75 personar kalla inn før jul, og etter nyttår skal augeoperasjonane vere ein stor del av dagkirurgien.

– Eg vil karakterisere dette som ein gledas dag. Det forsvann ein klump i magen då nyhenda kom, for det har vore så mykje att og fram rundt kirurgi-tilbodet, seier Bjørlo.

Saka om eit dagkirurgisk tilbod i Nordfjord har vore omstridd i fleire år. I februar sa styret i Helse Vest ja til eit avgrensa tilbod om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Det er snakk om lag 60 operasjonsdagar i året og i hovudsak grå stær-operasjonar.

– Av og til trur ein det ikkje før ein ser det og i dag er ein slik dag. No rullar det på med dagkirurgi som vi har jobba for i fleire år.

Bjørlo seier dei vil halde fram kampen for å behalde og auke tilbodet.

– No trur eg framtida ser lys ut. Vi har hatt to viktig krav til framtida sjukehus, det eine er dagkirurgi og det andre er lokal leiing. No er begge deler på plass, og vi har no eit lokalsjukehusa som er ein modell for moderne og framtidsretta lokalsjukehus, seier Bjørlo.