Grunneigar Jens Skjerdal i Skjerdalen i Gloppen er ein av dei som gler seg over vedtaket til Fylkesmannen, men han tek feiringa med eit attarhald.
– Eg ser det som eit steg i riktig retning for oss som skal overleve her, seier bonden i Skjerdalen.
Fjernar livsgrunnlaget
Skjerdalen er omfatta av fleire verneplanar. Men eitt er sikkert, seier Jens Skjerdal, blir det landskapsvernområde, er det ikkje livsgrunnlag for han og familien.
– Med dei føringane som det er lagt opp til i planane blir det ikkje noko igjen, seier Skjerdal.
Viktige kraftinntekter
Roar Førde. Foto Vidar Vie NRK.
Roar Førde har som kommunepolitikar for Høgre i Bremanger i lang tid kjempa imot verneplanane i Ålfotbreområdet, fordi han meiner det ville ha sett bom for det meste av næringsutvikling der.
– Vi ønskjer å vidareutvikle den kraftutbygginga som er rundt Ålfotbreen. Landskapsvernområdet kunne røva frå oss ein god del inntektar som i framtida ligg her, seier Førde.
– Klokt
Også ordføraren i Gloppen, Anders Ryssdal, meiner Fylkesmannen har gjort klokt i å høyra på det folk i området meiner. Han vonar no at Direktoratet for naturforvaltning og seinare regjeringa ikkje overprøver vedtaket til Fylkemannen.
Erik Solheim. NRK-foto.
Spår overprøving
I går sa leiar Erik Solheim i Norges Naturvernforbund at han var svært forundra over at fylkesmannen ikkje vil ha landskapsvernområde, og at han trur Direktoratet for naturforvaltning vil overprøve tilrådinga.
Og Fylkesmannen har i sitt vedtak sagt at dersom det blir landskapsvern, vil han tilrå eit mindre område på 220 kvadratkilometer.