Hopp til innhold

Preben har fått friarbrev etter omstridd byggesak

Preben Birkeland Søreide (21) har fått stor merksemd etter at han ikkje fekk lov til å skilje ut ei tomt på garden til foreldra. Enno har han ikkje rukke å svare på frieriet.

Preben Birkeland Søreide

FEKK AVSLAG: Preben Birkeland Søreide står på den vesle jordflekken som ikkje har blitt dyrka på 10 år, men som han likevel ikkje får lov å bygga hus på.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Då han ville bygga hus på heimegarden i den fråflyttingstruga bygda satte Fylkesmannen ned foten og overprøvde løyvet frå kommunen, fordi tomta var på dyrka mark.

Sidan har Søreide merka at at saka hans er noko som engasjerer over heile landet.

– Eg har motteke svært mange meldingar, både på gata og i sosiale media. Eg har ikkje rukke å svare alle, men det er alt i frå medkjensle og tilbod om gratis juridisk hjelp, til friarbrev, skriv han i ein SMS til NRK.

Søreide meiner dette er ei viktig sak å få fram ikkje berre for sin eigen del, men også for dei mange andre som det verkar som slit med dei same tunge prosessane.

– Dette er tydelegvis ei kjent problemstilling. Fokus bør vere å gje avslag til større kjøpesenter og liknande nær byane, framfor ei lita tomt i ei fråflyttingstruga bygd, som attpåtil berre vil gro att.

Ny vurdering

Tysdag ettermiddag skriv Fylkesmannen i ei pressemelding at dei vil sjå på saka på nytt.

Christian Rekkedal

LANDBRUKSDIREKTØR: Christian Rekkedal er Landbruksdirektør hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

– Vi ønsker no på nytt å sjå på moglegheitene for å byggje eit bustadhus med utgangspunkt i at vi tidlegare i saksgangen ved fleire høve har peikt på alternative plasseringar og løysingar, skriv fungerande assisterande fylkesmann, Christian Rekkedal.

Dei har no vore i kontakt med ordføraren i Høyanger og avtala at dei vil be søkjaren om ei synfaring for i lag å sjå på dette.

Landbruksminister Bård Hoksrud (Frp) er glad for at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane no vil sjå på byggesaka på Søreide i Høyanger på ny.

– I regjeringsplattforma har vi sagt at vi er for å forenkle regelverket for kva ein kan gjere på eigedomen sin. Difor er eg glad for at Fylkesmannen no seier at han vil ha ein dialog med kommunen. Så få vi sjå om det kan bli ei løysing, seier Hoksrud.

Bård Hoksrud

NY VURDERING: Landbruksminister Bård Hoksrud.

Foto: Marit Langseth

Har gripe inn i liknande saker

– Det er ei sak som sorterer under kommunalministeren, som eg har vore i dialog med etter at eg vart gjort kjent med saka måndag, seier Hoksrud.

Sjølv om Hoksrud er nøye med å presisere at akkurat denne saka kjem inn under plan og bygningslova og dermed høyrer heime i kommunal og moderniseringsministeren, har han sjølv vore med å endre tilsvarande saker tidlegare.

– Som stortingsrepresentant var eg med på å endre ei sak frå Hjartdal der eit søskenpar ikkje fekk dele opp garden sin, og der den eine ville busette seg der. Konsekvensen ville blitt at ingen ville bu der, men no fekk vi altså ei god løysing, seier Hoksrud.

Han peikar på at det i lovverket ligg moglegheiter for at kommunane skal kunne ta lokale omsyn.

– Mange kommunar i distrikta slit med fråflytting. Då er det viktig å sjå korleis ein kan få nye menneske til å busette seg der, seier Hoksrud.