Hopp til innhold

Hjartepasientar får nytt rehabilierings-tilbod

Frå neste år får hjartesjuke frå heile fylket sjansen til å delta på eit kursopplegg der målet er betra helse og livskvalitet.

HealthBeat Too Many Tests

TEST OG TRENING: Ein hjartepasient går gjennom testing. Også pasientane som skal vere med på kursopplegget til Helse Førde skal testast grundig.

Foto: Thomas Kienzle / Ap

Rett over nyttår startar Helse Førde opp eit nytt kull med hjerterehabilitering. Tilbodet er retta mot pasientar som bur i Sogn og Fjordane og som har hatt hjarteinfarkt, blokka eller stenta blodårer i hjartet, har gjennomgått hjarteoperasjon eller har andre sjukdomar relatert til hjartet.

– Målet er at pasienten skal kome i betre fysisk form, få kunnskapar om sjukdomen sin og få høve til å lære om mogelegheitene for å endre livsstil og verdien av det. Ein viktig del er også å treffe andre som er eller har vore i same situasjon, fortel Hilde Manset Bjørhovde.

Hilde Manseth Bjørhovde

LEIAR TILBOD: Hilde Manset Bjørhovde oppmodar hjartesjuke om å kontakt fastlege eller spesialist om det nye tilbodet.

Foto: privat

Reduserer angst og uvisse

Ho er til vanleg sjukepleiar på Nordfjord sjukehus og lærings- og meistringskoordinator i Helse Førde. Ho har stor tru på at eit utvida tilbod innan hjarterehabilitering vil få mykje å seie for livskvaliteten til pasientane.

– Kunnskap kan bidra til å redusere angst og uvisse i høve hjartesjukdomar, både for pasienten og for familien. Difor er det ynskjeleg at pårørande deltek på den teoretiske delen av tilbodet, seier Bjørhovde.

Tilbodet starta i det små tidlegare i haust med sju pasientar på Nordfjord sjukehus. No skal pasientar over heile fylket delta, under føresetnad at dei blir tilvist av fastlege eller spesialist.

Skal betre helsa generelt

– Tanken er at når vi får inn fleire tilvisingar, så skal vi ta dei inn til testing og så kan dei byrje kontinuerleg slik at dei slepp å vente på neste kursstart før dei kan vere med.

Ho peikar på at tilbodet til pasientane med teori og trening skal vere med og betre den generelle helsa til deltakarane, men spesielt for å styrke hjartemuskulatur for å unngå nye hjarte- og karhendingar.

– Mange er engstelege for faktisk å vere i rørsle, og vert råka av den psykiske delen av dette. Dei at dei kjem inn i eit fellesskap, der dei møter andre i same situasjon, er ein viktig del av kurset. Dei kjem litt sånn lutrygga inn, men vi ser at dei blir meir sjølvsikre og har fått tru på at dette skal dei faktisk klare. Dei tør å presse seg, fortel Bjørhovde.

Får trene lokalt

Det Helse Førde no har fått til er at dei skal få trene på sine lokalsjukehus. Teoridelen skjer på Eid, men treningsvekene kan dei få anten på Eid, i Førde eller i Lærdal.

– Målet er at dette meir og meir skal vere eit lågterskeltilbod for folk som treng å kome seg i form att etter hjartesjukdom. Det har ein stor ein stor personleg gevinst for kvar enkelt pasient, det er heilt sikkert. Fleire av dei aktuelle har jo andre tilleggssjukdomar, som også har ein positiv effekt av trening og betre kosthald. Dette får ringverknader for den totale helsa deira, meiner Bjørhovde.

Pasientane vil få tilpassa eigne individuelle samtalar, trenings- og behandlingsmål. Dei individuelle måla for rehabiliteringa og pasienten vert følgd opp av lege, sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, klinisk ernæringsfysiolog og eventuelt andre.