NRK Meny
Normal

Gjermundstad trur fleire er obs på Florø

– Det hadde ikkje vore feil med ein siger no. Ingen likar å tape, vedgår kaptein Vegar Gjermundstad.

Vegar Gjermundstad, Florø-Kongsvinger

TRENG EIN SIGER: Det har gått ein månad sidan Vegar Gjermundstad og Florø Fotball jubla for tre poeng. Søndag kveld kjem tabelltrear Ranheim til Florø.

Foto: Truls Kleiven

Med fire tap på dei seks siste kampane har det gått trått for 1. divisjonslaget Florø Fotball. Etter seks strake sigrar i sommar snakka «alle» rundt klubben om opprykk.

I kveld kjem Ranheim på besøk til kystbyen.

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg trur kanskje folk er blitt litt meir obs på oss enn tidlegare i år. I denne divisjonen er det også marginar. På både godt og vondt, seier kaptein Vegar Gjermundstad.

Kjempar om opprykk

For all del, sjølv om formkurva har fått seg ein knekk, er nyopprykte Florø er framleis i kampen kvalifiseringsspel til Eliteserien. Med framleis 18 poeng å spele om, er avstanden til Ull/Kisa fire poeng.

Gjestene frå Trøndelag knivar med Start om den andre plassen som gir direkte opprykk.

HØYR: Følg fotballrunden med 4-4-2 Radiosporten frå klokka 18.

– Det blir ein vanleg Obos-kamp. Det blir krig, tett og jamt. Det er slik det er i denne divisjonen, spår Gjermundstad.

Jamnar seg ut

Florø gjekk sist helg på ein lei smell borte mot nemnde Ull/Kisa. Då fekk dei tre baklengs og null poeng med seg i bagasjen heim til Noregs vestlegaste by.

Sjølv kan ikkje Gjermundstad peike på noko årsak til formsvikten.

– Det er nok litt udyktigheit, men så har vi også hatt litt flaks tidlegare i sesongen. Eg trur nok det summasummarum jamnar seg ut over sesongen, trur han.

– Mange rundt dykk har snakka om opprykk. Har det påverka dykk?

– Nei, det har ikkje det. Men det snur fort i fotball. Før sesongen var det snakk om nedrykk, så fann vi flyten og vann seks kampar på rad. Då er det snakk om opprykk. No har vi tre kampar utan siger, og vi er dårlege.

– Men for all del, hadde nokon sagt før sesongen at vi ville ha 32 poeng etter 24 seriekampar, så hadde eg sagt ja takk.

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.