Hopp til innhold

Gisle skulle berre ete. Så small det frå traktoren.

I løpet av få sekund stod traktoren i lys lue. Gode råd var dyre.

FEKK KONTROLL: Brannvesenet fekk kontroll på den eksplosive brannen i ein traktor i Stongfjorden. Video: Sølve Stang

– Eg vart ikkje redd, vil eg seie. Men eg vart ekstremt stressa, seier Gisle Stafsnes.

– Det brann så veldig at eg frykta nabohusa skulle ta fyr, forklarer han.

Torsdag ettermiddag hadde Stafsnes vore ute og køyrt med traktoren ved Stongfjorden i Askvoll. Han hadde mellom anna flytta ei gravemaskin. Så sette han seg på altanen for å ete. Då høyrde han eit smell. På veg tilbake for å sjekke traktoren, kom det eit nytt og kraftigare smell.

Brann

KRAFTIG BRANN: Flammane fekk godt tak i 2007-modellen.

Foto: NRK-tipsar

Frykta brannen skulle spreie seg til hus

Snart såg han at traktoren stod i full fyr. Med næraste løeveggen berre 10–15 meter unna var situasjonen dramatisk. Snart tok det også til å brenne på den knusktørre bakken.

– Medan kona ringde brannvesenet, treiv eg eit brannsløkkingsapparat og prøvde å sløkkje. Heldigvis kom også naboane med sløkkjeapparat og hjelpte til, fortel Stafsnes.

Han var uroa for nabohusa. Brannen kunne fort ha spreidd seg. Det frykta også brannvesenet som kom til staden. Til alt hell var vindretninga av det gunstige slaget.

– Ein slik type brann kan fort eskalere på grunn av nærliggjande bygg og tørt landskap. Men vinden gjekk vekk frå bygningsmassen, seier Frode Korneliussen ved Alarmsentralen til NRK.

Brann i traktor i Stongfjorden

SLØKTE BRANNEN: Mange naboar kom til med sløkkjeapparat og hjelpte til før brannvesenet kom og fekk kontroll på situasjonen.

Foto: Sølve Stang / NRK

Er takksam for at mange kom for å hjelpe

Litt før klokka 15 hadde mannskapet frå brannvesenet kontroll på situasjonen. Dei hadde hindra det som kunne ha blitt ein stor brann. Stafsnes er dessutan glad han fekk hjelp frå naboane. Etter at brannen var over, låg det om lag 15 sløkkjeapparat att.

– Det er veldig bra at det kom så mykje folk og hjelpte meg. Det brann så kraftig, at vi måtte konsentrere oss om å berge dei næraste bygningane, seier han.

– Har du ein teori om kva som kan ha utløyst brannen?

– Nei, eg har ikkje peiling. Det gjekk ikkje lange tida frå eg stoppa traktoren til eg høyrde smellen. Det er utruleg at det skal bli ein så kraftig brann på så kort tid, seier Stafsnes.