Hopp til innhold

Med jarnet sitt tryllar Rolf med tre

Rolf Taraldset har drive med treskjering i ein mannsalder. Men lei vert han ikkje. Og når han er ferdig med eit bilete, er det mest som om treet har fått nytt liv.

Treskjering i Hornindal.

TRYLLAR MED TRE: Rolf Taraldset kan gjere ting med tre som svært få kan. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

– Det er jo viktig at det liknar. Spesielt når det skal vere eit portrett, seier treskjerarmeister Rolf Taraldset frå Hornindal.

Framfor seg har han eit bilete av Jens Petter Ekornes, mannen som stod bak Ekornes-konsernet.

– Eg fekk i oppdrag å lage det til 50-årsdagen hans. Og sidan det skulle vere eit portrett, var det spesielt viktig at fjeset vert så likt som råd. Då må ein ha god dokumentasjon, bilete eller liknande, slik at ein har noko å sjå etter, seier Taraldset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jens Petter Ekornes

NØYE: Det er viktig at portrett er så like personen som mogleg. Her Jens Petter Ekornes.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Byrja då han var fem år

Skore i tre, er Jens Petter Ekornes lett å kjenne att, der han er på fisketur i båten sin. I bakgrunnen ser ein Ekornes-fabrikken.

At Taraldset tok til med treskjering, var nok ikkje heilt tilfeldig. Faren var nemleg profesjonell treskjerar, så på mange måtar fekk han det inn med blodet.

– Eg byrja nok ganske tidleg. Då eg var liten, likte eg å vere på verkstaden med han. Dei første taka tok eg vel då eg var fem år, seier Taraldset.

Den vesle guten var i verkstaden jamt og trutt, og plukka opp mykje frå faren. Ikkje heilt uventa gjekk han snikkarskulen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flaskeopnar

I TRE: Her er tre flaskeopnarar av det meir spesielle slaget.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Stor variasjon i motiv

Etter 1971 har han meir eller mindre jobba fulltid med treskjering. Sveinebrevet tok han på Dovre i 1976.

– Det har vorte nokon år, seier Taraldset.

Men han lagar slett ikkje berre portrett. Produksjonen har vorte stor etter så mange år. Også religiøse motiv har han laga mange av.

– Her er eit bilete frå eit søndagsskulekort. Eg har teke vekk nokon element, og så har eg lagt til nokon, seier Taraldset.

Han fortel at han brukar jarnet på ein heilt eigen måte når han modellerer.

– Eg bryt med jarnet, for å få effekt. Det er ein heilt annan måte å skjære på enn med ornamentikk. Ein må ruske på litt, for å få struktur i relieffet, seier Taraldset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Religiøst motiv

JESUS OG ENGELEN: Rolf Taraldset finn gjerne motiv frå gamle søndagsskulekort.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Blir nesten livaktige

Dei djupaste modelleringa er om lag ti centimeter, noko som lagar gjer bileta veldig livaktige.

– Relieff- og biletskjering er slik at det viktige er å skjære slik at ein får djupne og perspektiv, seier Taraldset.

Det er mest som ein kan sjå at personane er på veg ut av biletet.

– Det er mange ting ein må passe på når ein skjær i relieff, seier Taraldset.

Han har sansen for at det ligg ei historie bak relieffa. Biletet «Avløysing» har ei litt spesiell historie bak.

Her ser ein ein eldre mann med ei lampe, komme nedover ein sti. Til høgre i biletet står ei trafomast av gamletypen.

– Det er de nye og den gamle tida som møtest, seier Taraldset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Treskeier

FØLGDE I FARS FOTSPOR: Med ein far som var profesjonell treskjerar, fekk Rolf Taraldset mykje kunnskap om faget.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Gav pengar til kraftlinja - vart bilete i staden

På 1950-talet sette Firda kraft opp kraftlinje til Hornindal. Motivet er frå nordsida av Hornindalsvatnet.

– Det vart sett opp transformator til bruket der Johan i fjella budde. Men han nytta seg ikkje av straumen dei første åra. Eg trur det var først på 1980-talet at han kopla seg på, seier Taraldset.

Men rundt 1985 slo lynet ned i transformatoren, slik at alt brann opp. Det tykte Johan var leie greier.

– Han tykte det var gale at han som sjølv ikkje brukte så mykje straum, skulle påføre kraftlaget ein slik kostnad. Difor sende han ein del pengar til Hornindal kraftlag, som hadde linja. Dei sa sjølvsagt at han ikkje skulle betale for skaden. Men dei takka for skaden, og så engasjerte dei meg i å lage eit relieff, seier Taraldset.

For det er ikkje tvil om at det er lettare å lage eit bilete i tre når det ligg ei historie bak.

– Å ha nokon som gjer noko, eller gjer eit arbeid, det er gode motiv, tykkjer eg, seier Taraldset.

Mannen og lykta

KJEM UT: Det er mest som mannen kjem ut av biletet når Rolf Taraldset er ferdig.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK