Hopp til innhold

Nybaka noregsmeister frå Førde

Som yngste finalist gjekk Eirunn Anette Akse (21) frå Førde heilt til topps i konditor-NM.

Eirunn Anette Akse vart noregsmeister i konditor under Matfestivalen i Ålesund.
Foto: Chris Erlbeck

- Eg trudde aldri eg skulle komme meg på pallen. Det var heilt uverkeleg. Dette er veldig, veldig stort for meg, strålar 21-åringen.

Rekna med 4. plass

Finalen fann stad laurdag under Matfestivalen i Ålesund. Eirunn Anette Akse er nett ferdig med lærlingtida hjå Naustdal dampbakeri. Topplasseringa overraska henne.

- Det var så mange flinke at eg rekna med å få ein delt fjerdeplass. Eg var heilt sikker, men sa at dersom eg får ein tredje plass så byrjar eg å grine. Det rekna eg som heilt umogleg, seier den nybakte noregsmeisteren frå Førde.

Bali inspirerte

21-åringen valde Søraust-Asia som tema i finalen. Menyen ho sende inn for nokre månadar sidan gav henne ikkje berre finaleplass, men tok henne altså heilt til topps i meisterskapen. Bernhard Azinger frå Tine tok andreplassen, medan Annemari Erlbeck kapra tredjeplassen i den spennande finalen. Akse var i februar til Bali, ein tur som inspirerte då ho i finalen laga ei hovudkake, ulike konfekt og petifor, samt ei konfektøskje.

- Eg ville bruke veldig mange smakar som du forbind med Bali, så eg måtte ha med lime, kokos, ananas og bananer. Tenkte også Bali i utforming. Eg laga ein sjokoladeskulptur. På Bali er det veldig mykje treskjering av Buddah, så eg hadde Buddah i showpiecen, seier ho.

Yngst vart størst

- Laurdag hadde vi seks timar på å produsere. Eg tykte det gjekk veldig bra og kobla heilt ut. Eg tenkte ikkje på at mykje folk såg på, smiler Akse. Som yngste finaledeltakar hadde ho aldri venta å gå heilt til topps.

- Eg hadde no hatt det til unnskyldning dersom det ikkje gjekk så bra, ler 21-åringen og fortel at NM-tittelen heng høgt.

- Det er veldig stort.

Skulpturen blir utstilt

Som 15-åring byrja Akse som ekstrahjelp i kafeen til Naustdal dampbakeri. Her har ho også hatt sommarjobbar. Etterkvart såg ho lærlingar som deltok i NM, noko som også inspirerte henne. I fjor vart ho nummer to i junior-NM. Utan å vite det har mange av dampbakeriet sine kundar allereie smakt på vinnarverket.

- Alltid når eg øver, så sender eg det ned i kafeen. Mange har nok allereie fått smakt på det, men dei veit nok ikkje at det er eg som har laga det, seier ho og reknar med at vinnarverket også vert å finne i kafeen framover.

- Vi skal sette opp sjokoladeskulpturen, og så kjem vi nok til å sende ned meir av kakene som eg laga, fortel Eirunn.