NRK Meny
Normal

Gir løyve til å byggje stort kraftverk – men kommunen vil ha det endå større

NVE meiner Sognekraft må få byggje Leikanger kraftverk i Grindselvi og Henjaelvi.

Kraftstasjon i Henjaelvi på Hermansverk

TIDLEGARE KRAFTVERK: Sygna Ullvarefabrikk hadde sitt eige kraftverk i Henjaelvi. Ukjend fotograf.

Foto: © Fylkesarkivet

– Det er veldig gledeleg at vi no har fått svar frå NVE. Vi har venta svært lenge på dette, og hadde faktisk den siste synfaringa heilt tilbake i 2011, seier Leikanger-ordførar Olav Lunden.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) legg i tilrådinga vekt på at kraftverket vil produsere om lag 160 GWh kraft årleg. Det svarar til straumbruken til om lag 8000 husstandar.

Kommunen vil gjerne ha endå større utbygging

I 2007 starta Sognekraft arbeidet med planar om å byggje kraftverk ved Supphamar med overføring av vatnet frå Henjaelvi, Grindselvi og nokre sideelvar. Utbygginga er kostnadsrekna til opp mot 500 millionar kroner.

No, over sju år seinare, tilrår NVE ei utbygging etter alternativ C. Det betyr regulering av Store Trastadalsvatn og overføring av Henjaelvi til Grindselvi på 530 moh.

– Vi er glade for at NVE no endeleg har ferdighandsama søknaden om konsesjon for Leikanger Kraftverk. Tilrådinga kjem nær seks år etter at Sognekraft sende søknad om konsesjon. Dette er svært lang saks­hand­samings­tid, seier administrerande direktør Terje Bakke Nævdal i Sognekraft i ei pressemelding.

– NVE har landa på eit alternativ som vi er mindre nøgde med. Aller helst skulle vi ha fått konsesjon på alternativ A, som kan gi 184 GWh kraft årleg. Konsesjon på alternativ C er eit noko redusert alternativ, seier Lunden.

Ifølgje NVE er ei utbygging av Leikanger kraftverk etter alternativ C akseptabel med tanke på ålmenne og private interesser.

(Artikkelen held fram under biletet)

Henjaelvi

DEL AV PROSJEKTET: Henjaelvi er ein del av prosjektet til Leikanger Kraftverk.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Må byggje stort for å verne andre vassdrag

Saka er no sendt vidare til Olje- og energidepartementet, som skal stå for den vidare handsaminga av Leikanger kraftverk.

Ordførar Lunden varslar at kommunen vil kjempe vidare for den største utbygginga.

– Når vi først vel å stille fjella og vassdraga våre til disposisjon, må vi bruke det fullt ut. Skilnaden på 24 GWh utgjer tre-fire småkraftverk, som dei no kan la vere å byggje ut mot at vi heller kan bruke Grindselvi og Henjaelvi fullt ut, seier han.

– I tillegg er alternativ A eit mykje betre alternativ for vassforsyninga, som vi har lagt til grunn strenge vilkår for å få forbetra.

Sognekraft vil ha større utbygging

Lunden ventar at saka no kjem ut på høyring, og at kommunen i den samanheng vil komme med sine synspunkt på nytt. Etter alt å dømme vil det også bli ny synfaring gjennomgang av saka.

Også Sognekraft hadde helst sett at kraftverket vart dimensjonert ein god del større.

– Det er beklageleg at NVE har redusert prosjektet, slik at ein mister delar av den samfunnsmessige gevinsten, seier Bakke Nævdal.

PS: NVE gir også Ofta Kraft AS løyve til å byggje Ofta kraftverk i Lærdal kommune. Kraftverket vil produsere om lag 16,8 GWh i året. Det svarar til straumbruken til om lag 840 bustadar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.