Terje Førde i kommunerevisjonen er kritisk til kommunen si handtering.- Det er eigentleg eit ufatteleg beløp. Kommunen finansierer med lån, og det får store konsekvensar for driftsbudsjettet i mange år framover når det skal betalast renter og avdrag, seier han.
Ei økonomisk hengemyr
Det nye og flotte Bremanger Bu og Service senter stod klart i januar 2004. Men Fjordenes Tidende avslører idag at det er blitt ei økonomisk hengemyr. Fyrst fredag låg den endelege rekneskapen klar. Den viser ein total kostnad på 67 millionar kroner, dette er heile 21 millionar meir enn budsjettert.
Mangel på økonomisk kontroll
Allereie hausten 2004 påpeikte kommunerevisjonen at det var mangel på økonomisk kontroll i dette prosjektet. Dei gjekk då nøye gjennom heile ombygginga.
- Vi vurderte også dette med lån og om offentlege anskaffelsar gjekk rett føre seg, seier Førde.
Hemmelegstempla rapport
Denne rapporten har Bremanger kommune hemmelegstempla, men vil truleg no måtte offentleggjere den.
- Kommunen har lagt lokk på den rapporten, men det er sagt frå kontrollutvalet si side at rapporten skal leggjast fram i samband med byggjerekneskapen. Det er eit kolossalt meirforbruk som det heilt klart kan stillast spørsmål ved, seier han.
- Vi må lære av dette
Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, stadfestar gigantsprekken på over 20 millionar kroner. Han seier han ikkje har fått studert den endelege rapporten, men at dei må lære av dette.
- Det viktigaste vi må gjere no er å lære av det som har skjedd. Kontrollutvalet skal seie sitt, så det formelle oppi dette må vi komme tilbake til når vi skal behandle desse sakene politisk, seier han.