Hopp til innhold

Geolog skal vurdere rasstaden i dag

Det har vore generelt lite trafikk mellom Hordaland og Sogn og Fjordane etter snøskredet i Romarheimsdalen i Hordaland.

Ras Romarheim

SKRED: Snøskredet som gjekk ved det sørlege munningen til Masfjordtunnelen var kring 60 meter breitt og fire meter høgt.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

Elleve personar i fire bilar var involverte i skredet som vart meldt like over klokka 17.

Reisande blir oppmoda om å køyre E16 om Aurland, medan også ferjesambandet Sløvåg - Leirvåg på fylkesveg 57 er styrkt med ferja Bjørnefjord frå 23-tida.

– Det var ikkje mange bilane som var med på ferjene. Det har vore generelt lite trafikk i natt, seier vaktoperatør Kristian Fauskan hos Vegmeldingssentralen.

Det vart tidleg meldt om lange køar på sambandet Duesund - Masfjordnes.

– Men dette roa seg etterkvart. Eg trur nok dei fleste valde å utsette turen

Det er førebels uvisst når E39 opnar att etter skredet. Ein geolog skal undersøke rasstaden så raskt det lysnar. Vegen blir ikkje opna før denne vurderinga er gjort.

– Mannskapa våre ser at det heng snøskavlar i fjellsida over der som raset har gått. Ein geolog må sjå på dette før vi kan opne vegen att, opplyste operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt søndag kveld.