Hopp til innhold

Generalsekretær (H) kan bli meklar i påstått mobbesak

Høgre-leiinga i Sogn og Fjordane ser så alvorleg på konflikten mellom fylkesleiaren i ungdomspartiet og fylkessekretæren, at generalsekretær John-Ragnar Aarset kan bli kopla inn i saka.

John-Ragner Aarset

LEI SAK: Generalsekretær John-Ragnar Aarset kan bli kopla inn for å mekla i personkonflikten i Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

– Partileiinga har av fylkesstyret fått i oppgåve å få til eit nytt møte som kan forlika dei to partane, seier leiar Arve Mjømen i Sogn og Fjordane Høgre.

Tre veker har gått sidan leiaren i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Amanda Solvåg, stod fram og fortalde at ho kjende seg mobba og motarbeidd av fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen.

Amanda Solvåg

KJENNER SEG MOBBA: Leiar Amanda Solvåg i Sogn og Fjordane Unge Høgre

Foto: Privat

Myrvollen har ikkje ønskt å bli intervjua om saka, men i ein epost til NRK 7. januar skreiv han at det i eit forliksmøte i desember i fjor var konstatert ganske stor usemje mellom han og Solvåg om dei påståtte forholda, og at han har ei heilt anna oppfatning av det Solvåg skuldar han for.

Ifølgje Myrvollen skal han i dette møtet òg ha beklaga to ting han har sagt til ungdomspartileiaren.

Ingvar Torsvik Myrvollen

USAMD I DEI PÅSTÅTTE FORHOLDA: Fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen i Sogn og Fjordane Høgre

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Nytt forliksmøte

Dato for eit nytt forliksmøte mellom Solvåg og Myrvollen er ikkje bestemt, men partileiinga ser så alvorleg på konflikten at dei vurderer å kopla på den sentrale leiinga i Høgre.

– Det kan vera ulike måtar å gjera det på, men me har vore inne på tanken om ekstern hjelp, seier Mjømen.

– Og då snakkar me om Høgre sin hovudorganisasjon og generalsekretær John-Ragnar Aarset?

– I så fall kan han vera ein kandidat.

Arve Mjømen

PRØVER Å FORLIKA: Fylkesleiar Arve Mjømen ser alvorleg på konflikten mellom ungdomspartileiaren og fylkessekretæren.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

«Ingen kommentar»

Aarset ønskjer ikkje å bli intervjua om saka og seier til NRK at det er Mjømen som skal uttala seg på vegner av partiet.

Heller ikkje verken Myrvollen eller Solvåg ønskjer å kommentera at den sentrale partileiinga kan bli kopla inn for å mekla i konflikten mellom dei to.

For to veker sidan var den påståtte mobbesaka tema på styremøte i Sogn og Fjordane Høgre. Dei bestemte seg for å handsama saka vidare bak lukka dører.

Arve Mjømen Ingvar Torsvik Myrvollen

IKKJE OFFENTLEG INNSYN: Fylkesleiar Arve Mjømen (t.v.) og fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen på fylkesstyremøtet 14. januar i år, der den påståtte mobbesaka stod på sakskartet.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Må endra haldning

Amanda Solvåg sa for tre veker sidan til NRK at fylkessekretær Myrvollen bør få refs frå fylkesstyret, og at han må visa snarleg - og varig - endra haldning til henne og ungdomspartiet. Viss ikkje, bør han mista jobben, sa Solvåg.

– Eg kjenner til desse utsegnene, men vil ikkje kommentera dei, seier Mjømen.

For to dagar sidan handsama leiartrioen i fylkespartiet - Mjømen og nestleiarane Vidar Grønnevik og Olin Johanne Henden - konfliktsaka. Mjømen vil ikkje seia om dei bestemte seg for å gi Myrvollen ein reprimande eller ikkje.

Konklusjonen deira skal fylkesstyret få orientering om onsdag i neste veke, bak lukka dører.