Hopp til innhold

– Leitt både for Høgre og Unge Høgre

Generalsekretær Erlend Svardal Bøe i Unge Høgre tok ikkje kontakt med fylkesleiar Amanda Solvåg før påstått mobbesak kom i media. – Det beste er at saka blir løyst lokalt, seier Bøe.

Erlend Svardal Bøe

ULØYST KONFLIKT: – Eg kjem til å følgja opp saka med Sogn og Fjordane Høgre. Viss det blir behov, må me vurdera å ha eit nytt dialogmøte mellom partane, seier generalsekretær Erlend Svardal Bøe i Unge Høgre.

Foto: Mark Ledingham

– Det er leitt at slike situasjonar oppstår. Det er ikkje heldig for omdømet til partiet, men me er opptekne av å handtera situasjonen på ein skikkeleg måte.

Slik kommenterer generalsekretær Erlend Svardal Bøe i Unge Høgre den tilspissa konflikten mellom leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Amanda Solvåg, og partiet sin fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen.

Solvåg meiner at Myrvollen dei siste to åra har mobba henne og motarbeidd henne og Unge Høgre.

Myrvollen vil ikkje la seg intervjua om saka, men skriv i ein epost til NRK at han har ei heilt anna oppfatning av dei påståtte forholda, og at han i eit møte med Solvåg skal ha beklaga to uttaler.

– Eg vil ikkje gå inn på påstandane, men tykkjer situasjonen er lei både for Høgre og Unge Høgre, seier Svardal Bøe, som kjem frå Florø.

Amanda Solvåg

KJENNER SEG MOBBA OG MOTARBEIDD: Leiar Amanda Solvåg i Sogn og Fjordane Unge Høgre

Foto: Privat

Tok ikkje kontakt

Som generalsekretær skal Svardal Bøe hjelpa og støtta Unge Høgre sine fylkesleiarar. Svardal Bøe blei orientert om konflikten då Solvåg i fjor haust tok saka opp med leiinga i Sogn og Fjordane Høgre. I to brev gjorde ungdomspartileiaren i detalj greie for ei rekkje forhold som ho omtalar som ei "mobbesak".

Svardal Bøe tok ikkje kontakt med Solvåg før han tidlegare denne veka fekk vita at saka kom i media.

– Me fekk før jul signal om at saka ville bli løyst lokalt. Då såg ikkje me det som naudsynt å gripa inn, fordi kan dei løysa eit problem lokalt, er det beste, seier Svardal Bøe.

Han presiserer at Unge Høgre – frå dei fekk vita om saka – har hatt dialog med Solvåg gjennom ein kontaktperson i sentralstyret:

– Etter dialogmøtet mellom partane (Solvåg og Myrvollen, journ.merk.) i desember i fjor, høyrde me ikkje noko anna enn at partane skulle sjå saka som ferdig.

Ingvar Torsvik Myrvollen

FYLKESSEKRETÆR: Ingvar Torsvik Myrvollen har ei heilt anna oppfatning av dei påståtte tilhøva.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Innblanda i strid i 2014

På årsmøtet til Sogn og Fjordane Unge Høgre i 2014 var Svardal Bøe involvert i ein episode som Amanda Solvåg hevdar var med på å løysa ut konflikten mellom henne og fylkessekretær Myrvollen.

Solvåg hevdar at ho og Myrvollen var usamde om kven som skulle sendast som Sogn og Fjordane sitt delegat til Unge Høgre sitt landsmøte. Erlend Svardal Bøe, som på dette tidspunktet verken var generalsekretær eller sentralstyremedlem, var til stades på årsmøtet sjølv om han ikkje var medlem i fylkeslaget. Han heldt støttetale for den eine av dei to aktuelle kandidatane, den kandidaten som Solvåg hevdar Myrvollen støtta.

Avviser konflikt

På eit tidspunkt blei møtet foreslått lukka, slik at Svardal Bøe og andre ikkje-medlemmer skulle bli avskorne frå å påverka utfallet.

Då skal Myrvollen ha reist seg frå referentplassen og skulda Solvåg for å driva manipulering av møtelyden, men Myrvollen skal ikkje har gjort haldninga si i delegatstriden kjent for forsamlinga.

Skuldingane om manipulering er éin av uttalene som Myrvollen har beklaga.

– Har du vore i konflikt med Amanda Solvåg etter denne episoden, Svardal Bøe?

– Nei.

– Det at du ikkje kontakta Solvåg etter at du fekk vita om den påståtte mobbesaka – har det noko å gjera med det som skjedde i 2014 og ditt forhold til Solvåg?

– Nei. Det har ingenting med den saka å gjera.

Jacob Bredesen i Sogn og Fjordane Unge Venstre

ALVORLEG: – Det er eit problem når fylkesleiar Amanda Solvåg kjenner seg mobba og motarbeidd, seier Jacob Bredesen, leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre.

Foto: Unge Venstre / Liv Aaberg

– Kan skada rekruttering

Leiar Jacob Bredesen i Sogn og Fjordane Unge Venstre reagerte skarpt då denne saka blei kjent og tok sjølv kontakt med NRK:

– Dette er alvorleg. Det er eit problem når ho kjenner seg mobba og motarbeidd. Det er viktig at unge politikarar blir tekne vare på og ikkje kjenner motarbeidd.

– Men fylkessekretær Myrvollen har ei heilt anna oppfatning av desse påståtte forholda. Korleis kan du vera sikker på at Solvåg har grunnlag for å seia at ho er mobba?

– Eg skal ikkje blanda meg inn i interne forhold i Høgre, men dette handlar om at ungdom må kjenna seg inkludert i partiet uansett, seier Bredesen.

Unge Venstre-leiaren fryktar at ungdommar blir redde for å engasjera seg og ta på seg politiske verv på grunn av denne saka:

– Eg håpar alle parti syter for å ha god dialog med ungdomspartia sine.