Hopp til innhold

Går ut med åtvaring mot livsfarlege piller

Politiet fleire stader i landet går no ut med ei kraftig åtvaring både til seljarar og kjøparar av ein bestemt type ecstasy-pille som har ført til fleire dødsfall i Storbritannia.

Politiet åtvarar mot livsfarleg MDMA.

LIVSFARLEG: «Punisher-ecstasy» skal no vere i omløp i Noreg og er hittil observert i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Foto: KRIPOS

Facebook-posten til Vest politidistrikt har blitt delt fleire hundre gongar måndag. Der fortel politiet at det er observert ecstasypiller med trekanta form og ein hovudskalle-logo frå filmen «The Punisher». Også Øst politidistrikt har gått ut med åtvaring.

Piller med denne logoen og forma skal ha ført til overdosar og død. Blant anna fortel BBC om dødsfall knytt til denne spesielle narkotiske pilla.

– Dersom du har fått tak i slike piller, ver snill og destruer dei på ein trygg måte. Ikkje bli ansvarleg for eigen eller andre sin død,

Fagleiar i Politiet si nettpatrulje, Rune Fimreite, seier til NRK at pillene har vore observerte i aktuelle miljø i Vest politidistrikt.

– Det har vore dødsfall der desse pillene har blitt tatt. Vi ønsker å åtvare både dei som vil selje desse pillene og dei som kan vere potensielle kjøparar, seier Fimreite.

Politiet syner til at Tollvesenet har gjort beslag av blå ecstasypiller på veg inn i landet.

Dei åtvarar også foreldre som måtte finne slike piller på guterom eller jenterom.

– Det kan også vere ein far eller mor som kjem over dette på jente- eller guterommet heime, seier Rune Fimreite.

I Storbritannia har politiet over heile landet gått ut med åtvaringar mot «Punisher-ecstasy», blant anna fordi det er store mengder verkestoff i pillene.

I 2018 døydde ei 14 år gamal jente frå Liverpool-området etter å ha tatt denne typen ecstasy.

Til Firda seier Fimreite at han ikkje vil utelukke at det no finst slik narkotika i lokalmiljøet.