Hopp til innhold

Går mot nye kutt i Bremanger - manglar 25 millionar kroner

Fylkesmannen har ikkje godkjent Bremanger kommune sitt budsjett for 2016, og heller ikkje økonomiplanen for dei komande tre åra. Ordføraren kan ikkje frede nokon tenesteområde.

Svelgen sentrum

MØRKT: Etterdønningane etter Terrasaka slår framleis inn over Svelgen og resten av Bremanger kommune. Politikarane i kommunen må innan 30. juni ha ein klar plan på plass for korleis dei skal skaffe 25 millionar kroner dei neste åra.

Foto: Arild Nybø / NRK

– Eg vil ikkje sjå vekk frå noko, for det er store utfordringar heilt klart, seier ordførar i Bremanger, Audun Åge Røys (H).

Audun Åge Røys, ordførar i Bremanger

TENESTER: – Det blir krevjande å dekke inn 25 millionar kroner utan at det går ut over tenestene til innbyggjarane, seier ordførar Audun Åge Røys (H).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han snakkar om kva kommunen vil gjere for å få på plass eit godkjent budsjett for i år, og ein økonomiplan fram til 2019. Fylkesmannen nektar å godta det som ligg på bordet i dag, der ein i økonomiplanen manglar 25 millionar kroner. Som Robek-kommune er dei sett under administrasjon av Fylkesmannen, og må difor få godkjenning av dei før dei kan ta opp lån.

– Det er ganske alvorleg å bryte kommunelova, og ikkje ha eit budsjett og ein økonomiplan i balanse. Dette må kommunen ta på alvor, seier Kåre Træen hjå Fylkesmannen.

Må bu seg på tronge økonomiske kår

Bremanger skal til saman dekke inn 75 millionar kroner frå 2016 til 2018. Til no har dei funne dekning for 50, men manglar då ein tredjedel. Bakgrunnen for dette er etterdønningar av den mykje omtala Terra-saka frå 2007. Meldinga frå Fylkesmannen kjem kort tid etter at det var klart at kommunen dei neste 20 åra må betale ei gjeld på 120 millionar kroner til Danske Bank.

Kåre Træen

ALVORLEG: – Kommunelova er klar på at kommunen skal ha eit budsjett og ein økonomiplan i balanse.

Foto: NRK

– Dei skal dekke inn ytterlegare 25 millionar kroner frå 2019 til 2021, så Bremanger blir nok ein Robek-kommune i ganske lang tid framover slik det ser ut no, seier Træen.

Dermed ser det mørkt ut for nye investeringar i den vesle kystkommunen med nær 3900 innbyggjarar. Utfallet av alle sakene i kjølvatnet av Terra-saka er framleis ikkje klare, så kommunen kan få fleire millionar kroner tilført om dei går sigrande ut.

Ordføraren seier vidare tiltak no skal diskuterast politisk. Han ser ikkje vekk ifrå at det kan bli stor diskusjon om kva som må gjerast, men er sjølv taus når det gjeld konkrete forslag.

– Det høyrest jo veldig alvorleg ut, men eg trur vi har kontroll på det, så vi får gjort våre justeringar så kjem vi i hamn. Vi må ta ein diskusjon på heile biletet og eg vil ikkje forskottere noko no.

Bremanger kommune har frist på seg til 30. juni med å legge fram eit nytt budsjett og økonomiplan for kommunen der dei dekkar inn dei 25 millionane som no er i manko.